Elevane på Hornnes barneskule utførte litt av ei bragd, då dei tysdag brukte fleire skuletimar på å telle opp fyrstikkeskesamlinga til Einar Uleberg. Einar har som mål å få samlinga registrert i Guiness Rekordbok.
Det blei ein veldig annsleis og uventa skuledag for elevane i 3. klasse, 4. klasse og 5. klasse. Einar dukka etter avtale med rektor Irene Moe og lærarane opp på skulen tidleg tysdag føremiddag med den enorme samlinga si av gamle fyrstikkesker i nokre svære pappkassar.
Einar fortel:
Eg byrja vel å samle på fyrstikkesker heime på guterommet på Uleberg i Dåsvannsdalen då eg var 5–6 år gamal. Starten var fem esker med BP-reklame, som eg fekk tak i for å ordne frimerkesamlinga mi. Det spreidde seg rundt om i bygda at eg samla på fyrstikkesker. Folk kom heim til meg med esker i bæreposar og på anna vis. Målet var først 1.000 esker. Men etter kvart balla det på seg! Til slutt blei målet å kome opp i minst 15.466 esker. For 15.46.6 var tida til den store skeisehelten min Knut «Kupper`n» Johannesen då han vann gull på 10.000 meter i OL i Squaw Valley i 1960! Eg nådde målet, og samlinga tok stort sett slutt om lag i konfirmasjonsalderen.
Matteoppgåva
Oppgåva borna fekk var å telje opp fyrstikkeskene, og i tillegg dokumentere heilt nøyaktig kor mange esker det var. Einar trur sjølv han kanskje har den største samlinga av fyrstikkesker i verda, og håpar på ei notering i Guiness Rekordbok. Der er det umåteleg strenge krav for å bli godteke.
Det blei glimrande matematikk-undervisning ut av oppgåva elevane skulle utføre! Løysinga blei å fordele alle fyrstikkeskene jamnt utover i dei tre klassane. Kvar klasse skulle så sette saman eit «byggverk» på 5.000 esker: 10 i breidda, 50 i lengda og 10 i høgda. Eskene som blei til overs kunne dei så lett telje opp til slutt.
Fenomenal innsats!
Elevane utførte teljinga med stor iver og til punkt og prikke, bare avbroten av eit par naudsynte friminutt og litt frisk luft. Fantastisk innsats!
Men då kvar einaste lille eske var rett plassert i «byggverka», mangla det framleis litt på 15.000 esker. Ein noko betutta Einar konkluderte med – etter ein ekstra tur heimom i Dåsnesmoen for å leite – at han på eitt eller anna merkeleg vis måtte ha kasta eller mista ein sekk med esker.
Men sluttsummen blei likevel imponerande 14.423 fyrstikkesker!
Ordføraren kontrollerte og dokumenterte
Ordførar Morten Haraldstad har eit veldig variert og spennande verv. Å vere med på teljinga på Hornnes barneskule saman med dei glade og ivrige borna, og kontrollere og dokumentere resultatet, var nok eitt av dei finaste oppdraga så langt.
Som sagt er det særs strenge krav for å få ein rekord notert i Guiness Rekordbok. Morten tok oppgåva på største alvor. Han kontrolltalde med god hjelp av elevane dei tre stablane. I dei to fulle stablane var det nok å gange ut 10 X 50 X 10. Det gav 5.000 esker og totalt 10.000 sidan det var to slike byggverk.
I den der det mangla nokre fyrstikkesker måtte ganginga supplerast med eit frådrag for desse. Det blei straks litt meir komplisert. Men etter finurlege, matematiske utreikningar kom altså talet 4.423 nederst på blokka. Morten og elevane var einige om at det heilt rette talet då var 10.000 + 4.423 = 14.423 esker!
Det talet blir nå rapportert inn til Guiness Rekordbok, saman med Morten si høgtidelege forsikring om at ordføraren i Evje og Hornnes kommune står inne for at talet er rett. Å kome gjennom nålauget og med i boka er ein omstendeleg prosess. Men Einar har vonaleg håp om ei tilbakemelding på om eskesamlinga hans blir godteke eller ei innan nokre månader.
Løn for strevet!
Jubelen stod mest i taket då rektor Irene kom rundt i klasseroma med bollar og julebrus, på ein heilt vanleg vekedag, til alle som takk for den godt utførte jobben. Bollane hadde Einar fått sponsa av Moseid Bakeri. Brusen kom frå Olav på REMA 1000.
Ein god skule
Det var ein svært uvanleg skuledag elevane og lærarane opplevde. Men dei vaksne i dei tre klassane organiserte arbeidet saman med borna på ein glimrande måte. Eg blei mest litt rørt, eg, over den omsorgen og det fine samspelet det var mellom borna og lærarane deiras, og elevane seg imellom. I ein skule er det sjølvsagt mange utfordringar gjennom skuledagen. Men eg fekk det bestemte inntrykket at rektor Irene, lærarane og borna saman har ein god skulekvardag i trygge og gode rammer. Det er ikke så ofte me tenker på det, me som kanskje bare er innom skulen ein gong kvart skuddår eller endå sjeldnare.
Me ventar i spenning på om eskesamlinga til Einar, nøyaktig tald opp av elevane ved Hornnes barneskule og nitidig kontrollert av ordførar Morten, kjem med i den prestisjetunge Guiness Rekordbok!