Me er ein liten gjeng med lokale entusiastar som er godt igang med å skrive bok om dei mange og spennande kulturminna og aktivitetane knytta til Hovassåna i Åraksbø.
Elva renn frå det svære Hovatn oppe i heia ned til Åraksfjorden. «Me», ja det er Bjarne Nordgarden, Knut Haugetveit, Knut Gakkestad, Olav Øygarden, Olav Lidtveit og underteikna Geir Daasvatn.
Målet med prosjektet er å ta vare på det me meiner er viktig, lokal kulturhistorie før ho går i gløymeboka.
«Krafta i elva»
Hovassåna, til like med så mange elvar og bekkar i Setesdal, har gjeve kraft til utruleg mange føremål gjennom tidene. Elva er «den raude tråden» i forteljinga.
Vasskrafta blei brukt til å drive kvernkallane i kvernhusa. Det var truleg meir enn 20 kvernplassar langs elva alt-i-alt. På kverna blei kornet male til mjøl. Kornet var ei svært viktig matkjelde og grunnlaget for å overleve, særleg i uår og under krig. I dag står eitt einaste kvernhus att langs elva, kverna til Nordenå oppe i Skrikarjuvet.
Stykket held fram under biletet

Vasskrafta dreiv også sagbruk. Det trongst mykje materialar til alle bygningane på gardane rundt om. Først var det nokre enkle oppgangssager. Seinare kom det litt meir avanserte sager med runde sagblad.
Me vil skrive litt om det svære Setesdalens Koparverk, «industrieventyret» rundt 1845–1850 som i staden endte med dundrande konkurs og førte til mykje elende i bygda. Åraksbø kraftverk er eit anna ganske stort og interessant prosjekt som ikkje varte så alt for lenge.
Stykket held fram under biletet

Andre tema er vadmålsstampane, slipesteinane, treskeverka og vaskeplassane som var langs elva. Det vil kome litt om «Folkets Hus» som låg ved elva, dei naudsynte bruene over elva gjennom tidene og andre aktivitetar som naturleg var knytta til vatnet.
Til slutt kjem historia om oppdemminga av Hovatn, som meir eller mindre tok krafta ut av elva.
Spennande lokalhistorie
Mange av dei aktivitetane me skriv om var sentrale delar av bygdelivet gjennom mange årtider. Mykje av dette kan du sjølvsagt lese om i bygdebøker, lokale kultursoger og andre skriftlege kjelder. Det me her prøver å få til – i tillegg til den meir generelle historia – er å skildre nokre av dei daglegdagse hendingane som gjerne ikkje får så mykje plass i eit større bokverk. Den kunnskapen som bare sit i minnet til folk, så og seie, og som forsvinn ut av tida om han ikkje blir skriven ned.
Dei fem informantane har mykje kunnskap om livet langs elva, og mange minne om det frå si eiga levetid. Me håpar å kunne formidle denne kunnskapen ut til den interesserte lesar på ein god måte.
Ferdig før jul 2025?
Me har mål om å presentere boka ein gong før jul. Arbeidet er godt i gang. Me møtast jamnt på grendehuset i Åraksbø, og har det veldig triveleg saman. Til våren, når snøen er smelta vekk,, vil me ut langs elva og finne så mange spor me kan etter aktivitetane som har vore. Det blir som ei skattejakt!
Ta gjerne kontakt med informasjon!
Mange i Åraksbø og andre stader sit inne med mykje kunnskap om livet langs Hovassåna spesielt, eller dei temaa me skriv om meir generelt. Kanskje veit du mykje om dei gamle vadmålstampane, og korleis dei fungerte? Kanskje du har bilete av ei oppgangssag? Uansett kva det måtte vere, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt. Du kan ringe eller sende ei melding til meg, Geir, på mob 909 26 724. Er du meir komfortabel med å tale med ein av dei lokale karane i Åraksbø, som du kanskje kjenner, har dei nok heller ikkje noko imot ein prat.
Hovatn Fiskelag har alt støtta prosjektet med 10.000 kroner til trykkeutgifter. Ei stor takk til dei for den rause innstillinga! Otra Kraft og Bygland kommune har gjeve oss løyve til å bruke bilete dei måtte ha i boka. Me dreg snart på leiting! Me vonar at endå fleire kan tenke seg å vere med som støttespelarar etter kvart.
Geir Daasvatn