Det blodferske ungdomsbandet Setesdal Toraderlag opna Terrassejazz 2026 med ein knallgøy konsert på Dølen Kulturscene fredag kveld.
Bandet består av Eivind Leander Dale, Jonas Kjetså Homme og Endre Stulien Robstad. Denne kvelden var dei også så heldige å ha fått med seg multitalentet Ida Marie Frøysnes Emblemsvåg. Ho spelte kontrabass for første gong i livet og var også vokalist på eit par av songane. Firemanns-bandet utfylte kvarandre på ein veldig fin måte.

«Brakka» blei for lita!
Folk strøymde på i minutta før konsertstart og det var beint fram vanskeleg å finne ein stol til alle. Hotellvert Else Haugland trudde det aldri hadde vore så stort eit publikum i den lille salen nokon gong. Det var definisjonen på «stinn brakke» og stemninga var sett! Det blei rett og slett så oppheita i rommet at Endre fekk store utfordringar med å få stemt hardingfela si då ho etter kvart kom fram. Ho er ømfindtleg for temperatursvingningar og må finstemmast for kvar låt. «Og her er det jo veldig mykje varme og energi», smilte Endre med eit klassisk understatement.
Variert musikk

Bandet hadde først eit sett der dei spelte dansemusikk, eller om det er gamaldans eller noko anna det heiter. Eg er ikkje så stø i akkurat den delen av musikken. Her kom trekkspela som Eivind Leander og Jonas trakterer i fleire variantar til sin fulle rett. Dei to har musikalsk erfaring frå før. Men det er først nå dei siste månadene dei har lært seg å bruke trekkspelet. Imponerande! Dei har alt nådd så bra eit nivå på spelet sitt at dei skal vere med i landsfinalen på UKM seinare i sommar.
Folkemusikk
Endre køyrde så eit lite sett med folkemusikk. Han var innom både Strømsingen og Spinnaren, to fine slåttar, og ein vals frå Marnardal. Innimellom måtte han stemme fela med dei nemnte utfordringane med eit brennheitt publikum. Endre byrjar alt å bli ein rutinert folkemusikar og var flink til å binde spelet saman med lune, innsiktsfulle og gøye kommentarar. Det var musestille i lokalet då han drog fram geitebukkhornet og spelte ein gamal tone frå Åseral. Eg lukka augo og lot bare tonane drive fantasien langt innover i fjellheimen i Åseral. Bortforbi Nåvatn og endå lenger kom dei. Det var drøymande, magiske tonar. Til slutt fekk han også tid til ein slått på munnharpa. Det var den kjende Gauslåen.
Stykket held fram under biletet

Moderne toner
I siste del av konserten kom det litt nyare musikk. Ida Marie song vakkert den skotske popstjerna og låtskrivaren Amy Macdonald sin hit This is the Life. Det er ein låt full av livsglede og fart og passa glimrande med livfullt trekkspel inntil. Eg trur Amy hadde likt denne versjonen! Så blei stemninga dempa heilt ned med Hellbillies sin nydelege Den finaste eg veit. Ida Marie song. Eg skal ikkje nettopp lyge på meg at eg hadde ei tåre i augekroken. Men følsomt og vakkert var det, beint fram nydeleg. Når så Eivind Leander og Jonas drog fram trekkspela igjen og let dei drøymande tonane frå Flåklypa legge seg ut over oss som eit magisk teppe, ja då var toppen nådd.
«Ein til, ein til!»
Nå var konserten plutseleg slutt. Men me i publikum ville ikkje at det skulle vere slutt. Det gjaldt til og med ellers råbarka karar som både Stein Uleberg og Jon Terje Hegghaug. Til ståande applaus og taktfaste tilrop «Ein til, ein til!» oppfordra me ungdomane – som nå var brennheite under koftene sine – til å dra eit ekstranummer. «Men me kan ikkje ein til!», smilte ein litt skjelmsk Eivind Leander. Dei slapp likevel ikkje unna og måtte i staden spele om att ein av songane frå tidlegare på kvelden.
Stykket held fram under biletet

Kva er det som gjer Setesdal Toraderlag så spesielt? Eg kan så lite om musikk og kan vanskeleg bedømme kvaliteten på den tekniske utføringa. Men for meg er dei iallfall overraskande dyktige musikarar til bare tenåringar å vere. Dei har ei slags merkeleg utstråling og eit underfundig humør på scenen som smittar rett over på publikum. Instrumenta dei speler er uvanlege til ungdomar å vere. Trekkspel, geitebukkhorn, kassegitar, fele og kontrabass er ikkje akkurat «højdare» i ungdomsmiljøet, vil eg tru. I botnen må det ligge, vågar eg å påstå, eit unikt musikalsk talent.
Om Setesdal Toraderlag kan bli eit varig fenomen veit eg ikkje. Fleire av ungdomane har sine eigne prosjekt i musikken. Etter kvart skal dei kanskje ut av bygda for å studere eller gjere andre ting i livet. Framtida må dei få lov til å finne ut av sjølve. Men at det her er sådd eit musikalsk frø som med god pleie kan bli til ein vakker og fargerik blome, det er heilt sikkert.
Takk for den gilde opplevinga!