Noregs lengste musikkorps i Sandnes kyrkje i Åraksbø 20. september 2026. Foto.
Noregs lengste musikkorps i Sandnes kyrkje i Åraksbø 20. september 2026. Foto: Geir Daasvatn

Noregs lengste korps fylte Sandnes kyrkje med kjærleik!

Dirigent Ingrid Eieland Flåt lova variert musikk med mykje kjærleik. Slik blei det då Bygland Hornmusikk saman med Noregs lengste korps laga konsert i Sandnes kyrkje i Åraksbø sundag!

Svein Kleivane heiste det norske flagget og Agnes Fosse Hovden og Liv Breivegen kom heile den lange vegen frå Hovden for å få med seg denne musikalske høgtidsstunda. Den låge haustsola skein vakkert inn gjennom kyrkjeglasa som vendte mot sør. Forventningane var store. Dei blei innfridde!

Her var ei roleg opning med Ole Paus. Korpset skifta elegant over til meir folkemusikkaktige tonar signert Sigrid Moldestad. Så smalt det til i kyrkjeveggane, alt i tredje nummer!

Queen sin udødelege megahit Bohemian Rapsody – av mange rekna som ein av dei største poplåtane gjennom tidene – fylte kyrkjeromet med dei mektigaste tonar. Hoziers Take me to church dukka opp i tankane mine og eg var så inderleg glad for at eg hadde teke meg opp til kyrkja i Åraksbø for å oppleve denne sterke versjonen til det lengste korpset av alle.

Ned på jorda

Om det var eit bevisst grep for at me skulle få roa ned pulsen veit eg ikkje. Men etter den sterke Queen-klassikaren gjekk korpset rett over i ein mykje mjukare stil med Can`t Help Falling in Love. Det var vakkert og eg blei mest litt forelska i desse folka i korpset og musikken deiras, eg.

Kulturberaren – og saxofonisten – Randi Steinsholt i Sandnes kyrkje 20. september 2026. Foto: Geir Daasvatn

No var eg blitt veldig oppløfta og fekk ikkje med meg alle detaljane lenger. Men her kom flinke solistar og berømte «svisker» som perler på ei snor. Randi Steinsholt briljerte på saxofonen på Stupid cupid. Når så den musikalske feststunda blei avslutta med ekte kjærleik, ein bruremarsj frå Sør-Aurdal, var det mest så det var litt vemodig at det ikkje var meir.

Men alt har si tid og korpset måtte haste vidare oppover Åraksvegen til basaren sin på Åraksbø grendehus.

Me var vel eit tjuetals tilhøyrar eller vel så det som fekk med oss denne gjeve musikkstunda. Det høyrest kanskje ikkje så veldig mange ut. Men Åraksbø er ikkje ein metropol i verda når det kjem til folketal, endå om me i tillegg reknar med kringliggande bygder. Det er heller på andre vis denne vakre grenda utmerkar seg. Så dirigent Ingrid var strålande nøgd med oss som var der, for det var «fleire enn i fjor». Herleg innstilling!

Bygland Hornmusikk var den formelle arrangøren av konserten. Neste konsert for dette svært lange og ikkje minst eminente korpset er etter det eg skjøner den årevisse jolekonserten. Eg gledar meg. Takk for musikken!

Dirigent Ingrid Eieland Flåt ynskte velkomen, konstanterte at frammøtet var betre enn i fjor og lova oss variert musikk med fokus på kjærleik. Det fekk me verkeleg av henne og musikantane! Foto: Geir Daasvatn
Del "Noregs lengste korps fylte Sandnes kyrkje med kjærleik!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.