Bak frå venstre: Nominasjonskomiteen. Tor Kasin - leiar, Sigrid Greibrokk, Emil Simonstad Knutsen, Vigdis Beisland, Jørund Kvaale Hansen og Tone Simonstad Knutsen. Sitande framme: Anne Fauske. Foto: Bygland SP
Bak frå venstre: Nominasjonskomiteen. Tor Kasin – leiar, Sigrid Greibrokk, Emil Simonstad Knutsen, Vigdis Beisland, Jørund Kvaale Hansen og Tone Simonstad Knutsen. Sitande framme: Anne Fauske. Foto: Bygland SP

Anne Fauske nominert som ordførarkandidat i Bygland Senterparti

Nominasjonskomiteen i Bygland Senterparti presenterte på medlemsmøte måndag 12. oktober 2026 sitt førehandsnominerte forslag til ordførarkandidat for kommunevalet i 2027. Komiteen la fram Anne Fauske som Senterpartiet sin 1. kandidat.

Bygland Senterparti melder dette i ei pressemelding måndag kveld. I meldinga heiter det vidare:

Grunninga til nominasjonskomiteen er at Fauske viser eit brennande engasjement for lokalsamfunnet.
Ho har gjennom sitt virke som leiar for frivilligheten vist ei unik evne til å utvikle eit svært godt tilbod for innbyggarane.

Nominasjonskomiteen peker på at Fauske framstår som ei dame med høge ambisjonar for Bygland, og ho har i tillegg vist ein god struktur og evne til å gjennomføre.

Ho er ei dame med bein i nasen, og er ikkje redd for å stå for kva ho meiner.

Anne har tidlegare vore aktiv i lokal partipolitikk, då i Arbeiderpartiet. Ho har i intervjurundane med nominasjonskomiteen vist at ho vil passe godt inn i Senterpartiets partiprofil.

Nominasjonskomiteen held vidare fram arbeidet med kommunevalslista, med mål om å bygge eit godt lag både rundt ordførarkandidaten, og for innbyggarane i Bygland.

Del "Anne Fauske nominert som ordførarkandidat i Bygland Senterparti"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.