Ånebjør-traktoren bortgøymt i Oseløa 16. oktober 2026. Foto
Ånebjør-traktoren bortgøymt i Oseløa 16. oktober 2026. Foto: Geir Daasvatn

Då traktoren kom til Ånebjør

Overgangen frå hest til hestekrefter var nokså ymis i si tid. Ikkje berre skulle ein handtere eit maskineri i staden for eit dyr, men ein skulle óg handtere underlaget, noko som ikkje alltid var tilrettelagd for dei nye framkomemidla. På Ånebjør, ein gard nordom Borteli i Åseral, langt inne på vestheia i Bygland kommune, var det framleis drift då traktoren kom.

Tekst: Olav Grendstad

Og der kom han tidleg. Noko vel tidleg kan ein vel seie. Garden var driven av ein forpaktar, medan eigaren var Oscar Jebsen i Kristiansand. Jebsen var ein av Kristiansand sine rikaste, og eigde jamvel byen sin fyrste bil. Sjølvsagt ville han være den som var tidleg ute med traktor til garden sin óg.

Bjarne Bratteteig var forpaktaren på Ånebjør nokre år frå 1949. Her budde han med kone og fire born. Ein dag fekk Bjarne vite at Oscar hadde kaupt ein traktor. Den ville han ha til Ånebjør, og det var Bjarne sin jobb å få han inn.

Traktor før vegen!

Det som var særskilt i dette høve, var at traktoren kom til Ånebjør før vegen. Og det var ikkje ein traktor slik me kjenner han i dag. Dette var ein traktor nett ikkje laga for norske forhold, men traktor skulle ein ha. Det var framtida.

Det nye maskineriet, Bristol 20, var ein liten kompakt britisk beltetraktor med 22 hestekrefter, med langt framstikkande snute som kan minne om utsjånaden til ein tanks. Han hadde blitt frakta med bil til Tjaldal, sørom Borteli, så langt som det gjekk veg, og så måtte han køyrast på det som var av framkome. Frå Tjaldal, over lange heia, ned til dåværande Grunnevatn, oppetter på isen, inn på land, og langs Logna til Ånebjør, ei strekning på godt over halvanna mil.

Bjarne Bratteteig fortel

Bjarne har skrive om åra sine inne på heia, i boka Aanebjør. Det var mykje strev og slit, men det mest strabasiøse var nok turen der han skulle få traktoren til gards:

Det slær innatt med vinterver,- hardt, som det ofte kan gjera fyrst i april. Sta-ver, seier me. Gråkaldt verdrag frå aust, med tette, turre snø-el som det ikkje vert noko av. Og bitande kaldt om natti. Snøen hev sige ihop. Skaren ber, og vinterbrautene er frosne til is. Skal me få traktoren til gards, må det skje no. Eg hev prøvt han på Tjaldal. So snart eg kjem utfor sledebrauti, grev dei smale belti seg ned i snøen, og traktoren kantrar yver på sida. So eg må ha hjelp, både til å stydja og til å setja han på vegen att, utan gjeng det ikkje. Og hjelp fær eg, – kanskje i meste laget. Med Ola Lidi køyrer eg nedyver tidlege morgonen og vil få med to karar på Helleren. Dette er ei storhende! Brørne vil vera med, alle tri! Dei selar hesten og kastar seg på sleden.

I ein fart er vår keidsame sledeferd omgjord til eit høgrøsta skjemtefylgje som surrar av lått og mangslugne påhitt attanfor oss. Og me vert rivne med av galenskapen. Nede på Tjaldal fær eg omsider starta traktoren. Nyfikne granskar brørne det knallraude beistet, – med finurlege kommentarar, krydra med lått – og ikkje lite mistru til vidunderet.

Me kjem lempeleg i siget innetter dei lette furemoane. Men i stigningi opp til Grunnevassheia melder vanskane seg. Uøvd som eg er, tek eg ofte vel hardt i styrespakane og hamnar utfor brøytekanten, og traktoren kantar yver på sida. Karane må til med spade – og bjørkeris under belti – til traktoren er inn att på vegen.

Men det vert verre og verre. Er me ikkje utfor på eine sida, ber det yver på den andre. Me finn løysingi medan me strevar: Meir og meir ris må til, og større greiner hoggast, – til me dekker vegen framfor traktoren. Då flyt han oppå som ingenting var. Det kjem til å gå med mykje skog! Medan Ola køyrer hestane framom, gjeng dei andre etter og høgg høveleg buskor og breider ut. Og eg krabbar framyver med traktoren. I tur og orden plukkar brørne opp buskone etter som traktoren krabbar yver. Dette gjeng verkeleg fint, men styggeleg seint. Karane treng ofte ein pust i bakken. Dei kan ikkje sprenga seg heller. Oppe på flåe heidi kan me minka på risleggjingi. Eg meistrar traktoren åleine lange stykke. Dei kastar buskone på sleden, og eg set opp farten litegrand.

Nedetter mot Grunnevatn må me ta det på ein annan måte. Her må karane halda att med tóg frå oppsida vegen, so ikkje traktoren sklid utføre og gjeng kant i kant nedgjenom lidi. Ulendt som her er, med tre og stubbar, fær karane vondt for å føta seg i snøen, og framdrifti vert deretter.

Men me når då omsider ned til vatnet. Utpå ligg vinterbrauti hardfrrosi. Eg kan køyra for fullt, og legg hestane langt etter. Det lid på kvelden før me køyrer i land nedunder Helleren. Der let me traktoren stå til morgons, og køyrer kvar til vårt.

Morgonen etter held me fram med transporten, men no etter innøvd røynsla. Me fær hjelp opp til Beiningsvatn, og greider resten sjølve. I same slengen, medan ver og føre held, køyrer eg heim horv og plog til traktoren.

Kort liv

Bristol 20 fekk eit kort liv på Ånebjør, òg i produksjonslina ved fabrikken i England. Det er forståeleg. Etter eit par år på Ånebjør vart han avløyst av ein meir brukande og moderne Fordson-traktor.

Kor vart det så av denne Bristol-traktoren? Jau, bortgløymd og bortgøymd, men ikkje meir gøymd enn at tre av borneborna etter Oscar fekk sjå han her i haust, og dei kjende han att, lagra i myrkret på Bygland Museum.

Del "Då traktoren kom til Ånebjør"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.