Aldri kjenner eg på ei større takksemd for å vere norsk enn på 17. mai. Dette utruleg vakre og trygge landet som er vårt. Diverre har mange det ikkje like trygt og godt som oss.
Det er mykje vondskap i denne verda. Kanskje vil det alltid vere det, for vondskap har det vore heilt sidan me menneske kom til.
Men eg håpar alle kan halde på draumen om at ting kan og skal bli betre, hos oss i Norge, i Sudan, i Ukraina. Ja, overalt der det trengs for at menneske skal kunne leve gode liv og kjenne eit glimt av lykka.
I sangen The Rose er det mykje trøyst å finne når me slit:
When the night has been too lonely
Bette Midler
And the road has been too long
And you think that love is only
For the lucky and the strong
Just remember in the winter
Far beneath the bitter snows
Lies the seed that with the sun’s love
In the spring becomes the rose
I barnetoget som kom forbi meg i Dåsnesmoen 17. mai såg eg eit veldig sterkt bilde, som eg håpar kan vere til inspirasjon for både meg og oss alle saman.
Me menneske må gå hand i hand, og hjelpe og støtte kvarandre kvar enn det trengst, og så lenge det trengst. Slik me prøver å gjere i høve til krigen i Ukraina nå.
Eg er stolt av det standpunktet Norge som nasjon har tatt i den konflikten. For kva vil skje om vondskapen får overtaket? Om den sterke som har mykje sluttar å bry seg om den svake som kanskje har mest ingenting? Kva vil skje om me sluttar å bry oss om kvarandre, om naboane våre, sambygdingane våre, medmenneska våre?