For 6. gong, fredag 2. og laurdag 3. juni, inviterer jazzklubben Dølen Konsertserie til Terrassejazz på Evje.
Det er eit tettpakka program, med konsertar på Dølen Hotel, hagekonsertar, jazzparade gjennom Evje sentrum, gratis jazzworkshop for barn 6–14 år og meir til. Utan forkleining for nokon, må det vere lov å seie at det store høgdepunktet er konserten med jazzikonet Karin Krogh laurdag kveld.
Terrassejazzen har rigga seg til med eit festivalkontor i Sagatunbygget midt i sentrum. Huseigar Rune Skibsrud har velvillig stilt dei ledige lokala til disposisjon under festivalen. Her kan du få masse meir informasjon om kva som skjer og andre praktiske spørsmål du måtte ha. Festivalen har også si eiga side på Facebook. Då eg var forbi festivalkontoret i føremiddag, var det Else Haugland (biletet) som var på plass for å hjelpe til.
Det er svært mange som stiller opp på dugnad og andre vis for å få gjennomført det store arrangementet. Det er eitt av mange fine eksempel på kor mykje det er mogeleg å få til på ein liten plass når mange dreg lasset saman.