Roterjoet tidleg om morgonen 27. september 2024. Foto: Geir Daasvatn

Nokre tankar frå Roterjoet ved Hartevatn

Eg las for ei tid sidan litt om den store sogemannen og kvedaren Svein Knutsson Hovden (f. 1841, d. 1924). Han var fødd på støylen Roterjoet ved Hartevatn.

Eg fann dette i boka som Kirsten Bråten Berg og Leonhard Jansen har skrive om han og det han samla av forteljingar og songar (utgjeve 1991).

I boka står det altså at Svein blei fødd på støylen Roterjoet 18. august 1841. Det er på vestsida av Hartevatn. Eg fekk etter kvart så ubendig lyst til å sjå den staden. Tidleg om morgonen fredag 27. september 2024 kom eg meg endeleg avgarde oppover dalen igjen. Før sola var stått opp var eg framme ved Hartevassdammen. Frå der sykla eg det lille stykket langs Hartevatn opp til støylen. Det var ikke heilt enkelt å finne staden. Men med litt hjelp av kartfestinga på Kulturminnesok.no, og litt roting att og fram i terrenget, var eg nå der.

Det var ikkje mykje att å sjå på støylen nå, slik det også er sagt i boka til Kirsten og Leonhard frå 1991. Eg fann nokre rusta jernkrokar og fleire mest istykkerrotna stokkar som kanskje kan vere etter støylsbua?

Stykket held fram under biletet

Roterjoet 27. september 2024. Foto: Geir Daasvatn

Frå tøffe barndomsår til omtykt menneske

Foreldra til Svein var Knut Sigvaldsson Hovden (f. 1809, d. 1860) og Gyro Sveinsdotter Tovsland (f. 1803, d. 1882). Det gjekk ikkje så bra for dei på Hovden, har Gyro sagt (attgjeve i «Heimar og folk i Bykle» (bind I, s. 154). Eg skal ikkje gå noko meir inn på det, for eg har lita eller ingen kunnskap om dette. Men eg var så heldig å vere framme på Roterjoet omtrent då sola stod opp over fjella i aust. Eg fall i tankar om det vesle barnet som blei fødd her, truleg under heller tøffe kår, og som seinare vaks opp til å bli så omtykt i si tid. Etter Aanund Olsnes var han ein framifrå berar og formidlar av munnleg tradisjon. «Svein var storkvedar og sogemann av dei beste», skriv Olsnes.

Det me gjer i vårt eige liv

Sola begynte å varme i kinna, og eg fekk gnidd liv i dei litt frosne fingrane mine. Solstrålane som spreidde seg ut over Hartevatn minna meg om at det er ikkje av kven eller kvar me er fødd som er det viktige, men kva me gjer i vårt eige liv, ut frå våre eigne forutsetningar.

Etter den fine opplevinga med soloppgangen over Roterjoet sykla eg oppløfta tilbake til bilen og hadde ein fin dag vidare i Bykle. Livet kan by på mange utfordringar og tunge stunder. Men eg tykkjer det er så godt å leve, og opplevingar som denne stille og tankefulle stunda er med på å gjere det endå meir verdfullt.

Sola stig igjen opp over fjella

Ha ein god laurdagskveld vidare. Om du slit eller har det vondt, vonar eg at du likevel kan finne glimt av solstrålar i livet ditt. Mi erfaring er at vanskelege og gode dagar kjem om kvarandre, og ikke alltid etter ein plan eller når me ventar det. Men då har eg også opplevd at det vonde ein gong tek slutt, iallfall som oftast, og at sola igjen stig opp over fjella 💝

Hornnes, laurdag kveld 28. september 2024

Del "Nokre tankar frå Roterjoet ved Hartevatn"