Nominasjonskomiteen i Bygland Senterparti presenterte på medlemsmøte måndag 12. oktober 2026 sitt førehandsnominerte forslag til ordførarkandidat for kommunevalet i 2027. Komiteen la fram Anne Fauske som Senterpartiet sin 1. kandidat.
Bygland Senterparti melder dette i ei pressemelding måndag kveld. I meldinga heiter det vidare:
Grunninga til nominasjonskomiteen er at Fauske viser eit brennande engasjement for lokalsamfunnet.
Ho har gjennom sitt virke som leiar for frivilligheten vist ei unik evne til å utvikle eit svært godt tilbod for innbyggarane.
Nominasjonskomiteen peker på at Fauske framstår som ei dame med høge ambisjonar for Bygland, og ho har i tillegg vist ein god struktur og evne til å gjennomføre.
Ho er ei dame med bein i nasen, og er ikkje redd for å stå for kva ho meiner.
Anne har tidlegare vore aktiv i lokal partipolitikk, då i Arbeiderpartiet. Ho har i intervjurundane med nominasjonskomiteen vist at ho vil passe godt inn i Senterpartiets partiprofil.
Nominasjonskomiteen held vidare fram arbeidet med kommunevalslista, med mål om å bygge eit godt lag både rundt ordførarkandidaten, og for innbyggarane i Bygland.