Ljosland fjellhage – unik botanisk oppleving i Åseral!

Inngangsporten til Ljosland fjellhage 25. juli 2024. Foto.

Ljosland fjellhage ligg 530 meter over havet, på Ljosland nord-vest i Åseral. Her finst over 100 ulike fjellplantar frå heile landet. Fjellhagen ligg idyllisk til, ned mot elva, bak Ljosland Fjellstove. Du går på ein fint oppmura grusstig. Heile vegen er det informasjonsskilt og plakatar som fortel kva du ser. Heile turen kan vel vere […]

Åknes – Lognavatn

Sandstranda på Kyrkjeodden. Foto.

I Åknes ved Lognavatn finn du ein av dei beste badeplassane i Åseral. Her er det nydeleg, sørvendt sandstrand, benkar og bord, grillplass, sandvolleyballbane og toalettanlegg. Rett ved ligg det vesle, vakre Åknes kapell. Ikkje langt unna, på Kyrkjevodden, var det reist kyrkje alt rundt år 1200. Det er mange spennande kulturminne og andre attraksjonar […]

Langevatn – Åseral

Dam Langevatn i Åseral. Foto.

Ved søre enden av Langevatn på Ljosland i Åseral ligg ein svær ny steinfyllingsdam, ferdig i 2020. Frå dammen kan du sykle eller gå vidare på Langevassvegen, om lag åtte km nordover til andre enden av vatnet. Frå enden av vegen er det bare ein kort fottur på rundt tre km på stig til den kjende fjellgarden Pytten. Du kan […]

Juvassdammen – Åseral

Juvassdammen, Åseral. Foto.

Juvassdammen er ein 46 meter høg betongkvelvdam i sørenden av Juvatn i Lognavassdraget i Åseral. Han stod ferdig i 1958. Eigentleg er det to dammar her, den høge Juvassdammen og ein lågare, men lengre platedam i betong rett vest for hovuddammen. Dei to dammane demmer opp Juvatn til magasin for Logna kraftverk ved Lognavatn. Magasinet kan romme heile 142 millionar kubikkmeter vatn. Du kan […]

Sosteli jernaldergard – Åseral

Sosteli jernaldergard, Åseral. Foto.

Sosteli jernaldergard er eit gardssamfunn frå eldre jernalder som ligg om lag 400 moh., to km vest for Kyrkjebygd sentrum i Åseral. Her finn vi tuftene etter busetnader frå kring Kristi fødsel framover mot 1000-talet. Det er eitt av Nordens best bevarte slike anlegg, og kanskje det mest spennande og verdifulle kulturminnet i Åseral i dag. Gardsanlegget består av […]

Minne kultursenter – Åseral

Minne kultursenter, Åseral. Foto.

Vakre Minne kultursenter ligg i Kyrkjebygd i Åseral. Det er bare ein kort køyretur unna, til dømes 45 minutt frå Evje. Her kan du lære meir om den rike kulturhistoria til dei gode naboane våre. Facebooksida til Minne kultursenter med siste nytt Her finn du Turistinformasjonen, lokalhistorie i form av utstillingar og dokumentarfilmar, kunstutstillingar, folkebibliotek, gåvebutikk […]

Dammane ved Skjerkevatn

Dam Skjerkevatn, Åseral. Foto.

Ved Skjerkevatn oppe i heia vest for Ørevatn i Åseral er det bygt to svære steinfyllingsdammar som demmer opp det vatnet og Nåvatn til eitt stort, samanhengande magasin for Skjerka kraftverk. Dei to nye dammane erstatta fem gamle betongdammar i Skjerkevatn og Nåvatn. Dammane er spektakulære byggverk, som det er ei stor oppleving å kikke nærare på. Etter […]