Langevatn – Åseral

Ved søre enden av Langevatn på Ljosland i Åseral ligg ein svær ny steinfyllingsdam, ferdig i 2020. Frå dammen kan du sykle eller gå vidare på Langevassvegen, om lag åtte km nordover til andre enden av vatnet. Frå enden av vegen er det bare ein kort fottur på rundt tre km på stig til den kjende fjellgarden Pytten. Du kan […]
Juvassdammen – Åseral

Juvassdammen er ein 46 meter høg betongkvelvdam i sørenden av Juvatn i Lognavassdraget i Åseral. Han stod ferdig i 1958. Eigentleg er det to dammar her, den høge Juvassdammen og ein lågare, men lengre platedam i betong rett vest for hovuddammen. Dei to dammane demmer opp Juvatn til magasin for Logna kraftverk ved Lognavatn. Magasinet kan romme heile 142 millionar kubikkmeter vatn. Du kan […]
Sosteli jernaldergard – Åseral

Sosteli jernaldergard er eit gardssamfunn frå eldre jernalder som ligg om lag 400 moh., to km vest for Kyrkjebygd sentrum i Åseral. Her finn vi tuftene etter busetnader frå kring Kristi fødsel framover mot 1000-talet. Det er eitt av Nordens best bevarte slike anlegg, og kanskje det mest spennande og verdifulle kulturminnet i Åseral i dag. Gardsanlegget består av […]
Minne kultursenter – Åseral

Minne kultursenter ligg i Kyrkjebygd i Åseral. Det er bare ein køyretur på 45 minutt frå Evje. Her kan du lære meir om den rike kulturhistoria til dei gode naboane våre. Her er Turistinformasjonen, lokalhistorie i form av utstillingar og dokumentarfilmar, kunstutstillingar, folkebibliotek, gåvebutikk og ein liten kafé. Gjennom året er det faste og skiftande utstillingar […]