Ida Marie Haugen Gilbert. Foto: Sian O`Hara

Bokbad: Ida Marie Haugen Gilbert heim til Evje!

«Mørk og morsom harselas med ulvedebatten som bakteppe. (…) Teksten tar spenntak fra første side, og holder uanstrengt på leserens interesse gjennom tre nokså ulike deler. (…) Jeg gleder meg allerede til neste bok fra denne forfatteren.»

Ja, denne overstraumande bokmeldinga av «Tute med de ulver som er ute» kjem frå Maria Årolilja Rø, Adressavisen, Terningkast 5 😃 

Fleire av dei andre riksavisene er minst like entusiastiske. Aftenposten spanderte ei heilside! Sigrid Åsen Haugsgjerd har også skrive eit veldig bra stykke om boka og Ida Marie i Setesdølen 28. januar 2023.

Til påske, nærare bestemt langfredag 7. april, kjem Ida Marie heim til Evje for å bli bokbada om denne svære suksessen. Det skjer på Dølen Hotel frå kl. 21.

Eg har ikkje lese boka endå. Men med alle dei fabelaktige bokmeldingane frå dei som har greie på litteratur er kvaliteten heilt sikkert topp.

Alle som kjenner Ida Marie veit dessutan at ho er eit fyrverkeri av ei jente. Ho har garantert mykje å seie om kva det er i lokalmiljøet som har inspirert henne til å skrive boka, og ikkje minst harsellere litt godmodig (?) med oss her ute på bygda 😄 

Denne kvelden blir truleg – ja meir eller mindre bombesikkert – eit verbalt og litterært høgdepunkt i påska!

Del "Bokbad: Ida Marie Haugen Gilbert heim til Evje!"