Ein strålande opplagt VIdar Lande under boklanseringa på Syrtveit Gard 17. desember 2024. Foto: Geir Daasvatn

Boklansering med Vidar Lande på Syrtveit Gard!

Tysdag kveld blei den nye boka til Vidar Lande lansert på Syrtveit Gard. Ho har tittelen «Mellom aust og vest. Folkemusikk i Evje og Hornnes».

Den flotte konferansesalen på Syrtveit Gard var fullpakka av spente folk. Harald B. Knutsen frå Agder Folkemusikkarkiv var her, og festa den fine kulturkvelden til filmen for ettertida. Kari Stulien Robstad og Harald Robstad opna kvelden med spenstig dans. Dei hadde musikalsk følge av lillebror Endre Stulien Robstad. Inger Lise Stulien ønska velkomen, og presenterte Vidar for oss. CV-en hans er lang, altså!

Les: Artikkelen om Vidar Lande på Setesdalswiki

Ordførar Morten Haraldstad takka på vegne av Evje og Hornnes kommune Vidar for det store arbeidet han har gjort for å live opp att kunnskapen om den rike folkemusikkradisjonen det faktisk har vore i Evje og Hornnes gjennom tidene.

Evje og Hornnes Sogelag er utgjevar av boka i samarbeid med Vidar Lande. Leiar i laget, Dagfinn Kjetså, takka hjarteleg for samarbeidet. Astri Rysstad helsa frå Setesdal Spelemannslag, og overrekte Vidar ei vakker smykkegåve. Me fekk også oppleve stemningsfullt samspel mellom meisteren, Vidar, og læresveien hans, Endre.

Dans med Kari Stulien Robstad og Harald Robstad under Vidar Lande boklanseringa. Foto.
Kari og broder Harald sette standarden for resten av kvelden med dansen sin. Foto: Geir Daasvatn

Vidar trollbatt oss!

Så var det endeleg Vidar sjølv sin tur! Han har djuptpløygande kunnskap om folkemusikken på Agder. Dette blanda han med fornøyelege små historiar og anekdotar. Han hadde den fulle merksemda vår! Han gjekk gjennom boka, kapittel for kapittel. Det tok si tid, opp mot halvannan time. For som han sjølv sa, i ei spøkefull tone, så er kun Bibelen og Snorre større bøker! Men ingen sovna, slik han etter kvart byrja å frykte!

Spennande, ja nyskapande innhald

Eg har ikke innsikt – eller plass her – til å gå inn på detaljane i boka. Om eg skal våge meg på ei oppsummering, er det:

«Gautestad-tradisjonen» innan folkemusikken i Evje og Hornnes, og sambandet til spelemennene i Grendi, har vore gløymt i historia om folkemusikken i Setesdal. Nasjonalismen stod sterkt frå slutten av 1800-talet og på første halvpart av 1900-talet. Det nasjonale overtok mykje av tradisjonskjensla. Setesdal var eit romantisk høgstatusområde. Musikken der var den dominerande og den «korrekte». Gautestad blei definert bort frå dette høgstatus-området. Det var eit meir perifert tradisjonsområde. Det hadde mindre verd og blei gløymd.

Vidar Lande under boklanseringa på Syrtveit. Foto.
Vidar var i sprudlande forteljarhumør! Foto: Geir Daasvatn

Alt dette forklarer Vidar i boka, mykje betre enn desse stikkorda. Han fortel rett og slett heile historia om den folkelege felemusikken i Evje og Hornnes fram til vår tid. Iallfall så langt han har greidd å finne ut. Fletta inn i den heilt lokale historia her i Evje og Hornnes trekk han liner ut til folkemusikken i Setesdal og heile indre Agder. Alt heng saman med alt! Om du ikkje er spesielt interessert i folkemusikk og felespelet gjennom tidene, er det uansett mykje særs interessant lokalhistorie. Det er imponerande arbeid, tufta på 50 års tileigning av kunnskapar gjennom heile det vaksne livet hans. Dette konkrete bokprosjektet har han arbeidd intens med i fem år. Eg vil tru boka hans rett og slett vil føre til ei omskriving av folkemusikkhistoria i Setesdal.

Bokkjøp, matøkt og «mingling»

Etter Vidar si «oppsummering» av innhaldet i boka var det tid for bokkjøp for dei som ville det, ei enkel servering av tradisjonskost for dei som var blitt svoltne og sjølvsagt ein triveleg prat med forfattaren. Men då var eg alt på veg sørover til Evje kyrkje for julekonsert med Kim Rysstad.

Gode hjelparar

Det er mange som har hjulpe Vidar med å få dette storverket i hamn. Evje og Hornnes Sogelag er nemnd som medutgjevar. Sigmund Monen har vore ei uvurderleg støttespelar. Utan hjelpa hans hadde ikkje boka blitt ein realitet, seier Vidar sjølv. Jostein Wasbø har hjulpe med grafisk oppsett og eit manuskript som kunne leverast til trykking. Vidar takkar desse og alle dei andre som har bidrege audmjukt for hjelpa i ei eiga innleiing til boka.

Boka kan du få kjøpt på Norli Evje og sikkert andre stader som eg ikkje har oversikt over her.

Gratulerer, Vidar Lande, og takk for eit meisterverk av ei bok!

Klikk på bileta for å endre storleik

Del "Boklansering med Vidar Lande på Syrtveit Gard!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.