Øygard kraftverk er under bygging ved Åstølvatn på heia sør-vest for Breland i Åseral. Kraftverket er ein del av den store Åseral Sør-utbygginga.
Å Energi Vannkraft står bak utbygginga. Veidekke Entreprenør AS er hovudentreprenør. I tillegg til Øygard kraftverk omfattar prosjektet desse arbeida:
- fullføre attståande del av ny vasstunnel mellom Langevatn på Ljosland og Nåvatn (7 km av totalt 13 km)
- 132 kV kraftlinje til Honna (6,5 km)
- To steintippar (totalt 350 000 m3)
Byggeperioden er frå mai 2026 til hausten 2029.
Øygard kraftverk
Ein del av prosjektet, Øygard kraftverk, er altså under bygging ved nordre enden av Åstølvatn. Det er like ved Åstøldammen for deg som er kjend i området. Kraftstasjonen skal ligge ute i det fri og utnytte fallet i den nye tunnelen mellom Langevatn og Nåvatn. Kraftverket får ein installert effekt på 19 MW og vil produsere rundt 80 GWh årleg. Det tilsvarar kraftforbruket til om lag 5 000 bustader.
Les også:
- Fullfører historisk vannkraftløft i Åseral (Å Energi)
- Kraftverksbygging gir store økonomiske ringvirkninger (Å Energi)
- Veidekke skal saman med Å Energi stå for utbygging av Øygarden kraftverk i Åseral! (Åseral kommune)
- Veidekke: Bygger Øygard kraftverk for Å Energi
Dei som skal utføre arbeidet er:
- Veidekke Entreprenør AS – hovudentreprenør
- Aker Solutions AS – turbin- og kontrollanlegg
- Ingeteam Ingar Machines S.A – generator
- Andritz Hydro AS – luker og portar
- Nettpartner AS – 132 kV linje frå kraftverket til Honna
- Sweco Norge AS – rådgjevande ingeniør
Oppe ved Åstølvatn er det rigga til ein stor brakkeleir og gjort mykje arbeid i anleggsområdet sidan oppstarten i vår. Sprenginga av tunnel inn i fjellet er såvidt i gang. Ved sida av sjølve kraftstasjonen, og fullføringa av den lange vasstunnelen Langevatn–Nåvatn, kjem det 1,3 kilometer hjelpetunnelar (svingearrangement, bypasstunnel, adkomsttunnelar og tillaupstunnel). Knytta til kraftverket er også sandfang og trykkrøyr, lukesjakter og diverse luker, portar og proppar. Veidekke skal i tillegg opparbeide ei byggetomt for utandørs 132 kV koplingsanlegg ved kraftstasjonen.
Fullføring av den lange tunnelen Langevatn–Nåvatn
Samstundes som Øygard kraftverk blir bygd blir det som nemnt arbeidd med fullføringa av dei siste om lag 7 km av den lange vasstunnelen mellom Langevatn og Nåvatn. Frå eit tverrslag like nord for Breland («Tverrslag sør») blir det drive ein tunnel om lag 300 m innover i fjellet. Derfrå er planen å drive sjølve vasstunnelen i begge retningar. I sørleg retning vil tunnelen då ende ved Øygard kraftverk før vatnet renn ut det svære Nåvatn-magasinet.
Auka aktivitet
Ved sida av ny kraftproduksjon vil prosjektet venteleg gjeve auka aktivitet lokalt i byggeperioden og såleis skape mange positive ringverknader i Åseral.
