Elg i vegbanen på Riksveg 9 ved Reimarmoen i Valle. Foto: Privat

Elg i vegbanen mest lest

Innlegga om mykje elg i vegbanen nordover i dalen var mest lest i gruppa vår på Facebook i januar.

I takt med at Setesdalssida på Facebook får stadig fleire medlemer, synest det også å skje ein auke i kor mange visningar mange av innlegga oppnår.

Dei innlegga med flest visningar i januar var to som advarte mot mykje elg i vegbanen nordover i dalen.

Oversikt over dei seks mest viste innlegga i januar (2.1.–29.1.)

  • Bykle kommune sitt innlegg om elgpåkjørslar mest dagleg, delt av Karen Curly, vist 13.731 gonger
  • Bilete av elg i vegbanen ved Reimarmoen, med oppfordring til forsiktig køyring, sendt inn av vegfarande, vist 10.609 gonger
  • Innlegg m/bilete om opning av nye busshaldeplassar i Evje sentrum, vist 9.435 gonger
  • Vinterbilete frå husmannsplassen Hagen på Lauvdal, vist 7.501 gonger
  • Bilete frå bassekveld på Rysstad, sendt inn av Ole Birger Lien, vist 6.663 gonger
  • Vinterbilete frå Fjellskar, sendt inn av Tora Håkegård, vist 6.544 gonger

Det blei alt-i-alt lagt ut 162 innlegg i januar, eller i gjennomsnitt mest seks kvar dag.

Takk for alle bidrag!

Tusen takk til alle dykk som bidreg med bilete, innlegg, dikt, deling av av interessante innlegg frå andre nettstader, viktig informasjon, gode kommentarar og alt mogeleg anna. Denne felles innsatsen, med innlegg om alle slags ting som skjer i dalen, gjer at Setesdalssida på Facebook kan vere interessant å følge med på. Trur eg…..

Del "Elg i vegbanen mest lest"