Glade jenter på jubileumsfest: Ruth Simonsen, Astrid Møen og Molla Skogsøy Moi. Foto: Geir Daasvatn

Evje og Hornnes pensjonistforening 50 år!

Evje og Hornnes pensjonistforening fyller 50 år i 2023. Det blei feira med stor fest på Evjeheimen mandag 6. mars.

Opp mot 80 medlemer var til stades! Leiar i foreninga, Roy Frimanslund, ønska alle hjarteleg velkomen. Roy presenterte også dei inviterte gjestane.

Første post på programmet var ein liten biletserie og film med tilbakeblikk på åra som er gått sidan skipinga i 1973. Me kunne mest ta og føle på nostalgien.

Ganske kjapt var det tid for eitt av mange høgdepunkt – kveldens middag! Flinke elevar ved solidaritetslina ved Evje Folkehøgskule stod for serveringa. Dei var Stina Norman, Silje Haugland og Mathilde Vik Tolstad. Desserten var nydeleg blautkake og sjokoladekake.

Mange ville takke for innsatsen

Etter matøkta var alle komne i godt humør, og stemninga steig vidare oppover då gjest etter gjest stod opp og gratulerte foreninga med jubileet. Kulturetaten i Evje og Hornnes helsa med ei gåve på 10.000 kr. Evje og Hornnes Sparebank ved Knut Kjetil Møen stilte med mange gode ord og 15.000 kr. Pensjonistforbundet Agder ved leiar Ingrid Wisløff Jæger var til stades, og gratulerte så mykje med dagen. Ho overrakte òg ein raus gåvesjekk på 8.000 kr. Evje og Hornnes kommune var representert ved varaordførar Finn Bjørn Rørvik.

Saka held fram under biletet

Knut Kjetil Møen kom med fine ord og ein gåvesjekk på 15.000 kr! Leiar i Pensjonistforeninga Roy Frimanslund t.v.

Trufaste medlemer

Martha Haugen. Portrettfoto.
Martha Haugen. Foto: Geir Daasvatn

Sju trufaste damer fekk blomar til påskjøning for langt medlemskap. Dei var Gjertrud Finnvold (sidan 2005), Reidun Rosseland (2005), Marie Uldal (2005), Reidun Rosseland (2005), Astrid Møen (2005), Asgjerd Heggland (2002) og Martha Haugen (2001). Marta er den som nå har vore med lengst i foreninga.

Heider til Ingvard

Ingvard med Heidersbeviset for ubroten innsats for eldresaka i over 20 år! Leiar Roy Frimanslund t.h. Foto: Geir Daasvatn

Mellom alle dei fine tinga som skjedde i løpet av kvelden, kom nå det største høgdepunktet: Ingvard Østerhus blei tildelt Pensjonistforbundet sitt Heidersbevis for lang og tru teneste for foreninga og eldresaka. Du kan lese litt meir om det her.

Trond Nedrebø avslutta denne bolken av festen med å helse frå Pensjonistforbundet og overrekke ei gåve på 2.000 kr. Trond er redaktør i bladet Pensjonisten, så det kjem nok ein nydeleg reportasje i det bladet om ikkje så lenge.

Song og musikk

Resten av programmet var ein kulturkveld med mange flotte innslag.

Evje og Hornnes Musikkorps, med veldig god støtte frå mange musikantar i Iveland Hornorkester, spelte tre nummer med feiande frisk korpsmusikk.

Tom Waitz-kloningen Bent Ivar Depui Tversland tona det ned med to vakre, inderlege songar bare støtta av sitt eige gitarspel.

Så entra den store songstjerna Renate Aasen podiet saman med Oxana Emmelkamp på pianoet. «I Dreamed a Dream» frå Les Miserables og «Solveigs song» av Edward Grieg. Uendeleg vakkert!

Saka held fram under biletet

Kayden frå Evje Folkehøgskule. Foto: Geir Daasvatn

Nå gjekk kvelden mot slutten. Men sanneleg var det ikkje haldt av plass til endå fleire store artistar. Frå musikk- og låtskrivarlina på Evje Folkehøgskule framførte Emil Wøien Wernøe, Norman Fredheim og Kayden sjølvkomponerte songar. Dei var godt og trygt støtta av læraren sin Kjetil Alver Lund på gitaren. Det var lågmælt, inderleg og nydeleg. Takk!

Kvelden blei avslutta på perfekt vis, med Bygdekoret som under leiing av dirigent Oxana Emmelkamp ville danse mot vår.

Gratulerer!

Gratulerer Evje og Hornnes pensjonistforening med 50-årsjubileet!

Del "Evje og Hornnes pensjonistforening 50 år!"