Dei blide damene i Evje og Hornnes Sanitetsforening ved tildelinga av Frivillighetsprisen 2022 for Evje og Hornnes kommune i Evje sentrum 8. august 2022. Foto: Geir Daasvatn

Evje og Hornnes Sanitetsforening – i teneste for bygda i 123 år!

Evje og Hornnes Sanitetsforening blei tildelt Frivilligheitsprisen i Evje og Hornnes i sommar.

Under Frivilligheitsfesten på Evjemoen Kino & Scene mandag 5. desember heldt leiaren May Britt Stenjor eit veldig fint innlegg om kva Sanitetsforeininga eigentleg driv med. Ho sette også arbeidet inn i ein større, nasjonal samanheng. Her er ein lett omarbeidd versjon av foredraget, tufta på manuskriptet til May Britt.

Norske Kvinners Sanitetsforening er den største kvinneorganisasjonen i Norge, med 43 000 medlemer delt på 600 lokale foreiningar. I 125 år har frivillige i organisasjonen bidratt gjennom aktivitetar og fellesskap, og stått i front for kvinneliv og folkehelse. Evje og Hornnes Sanitetsforening er 123 år gamal, og den eldste sanitetsforeininga i fylket.

Meir enn fastelavensris og Maiblomsten!

Sanitetsforeiningane i Norge arbeider for å fremme kvinner si helse og livsvilkår, ved å:
  • sikre kvinner lik tilgang på helsetenester
  • sikre kvinner si reproduktive og seksuelle helse og rettar
  • bidra til ein trygg og god alderdom
  • sikre at minoritetskvinner skal delta aktivt i samfunnet
  • forebygge vald mot kvinner og å sikre hjelp og bistand til kvinner som er utsette for vald
  • gi veiledning, anerkjenning og støtte til pårørande til sårbare grupper
Foreiningane ønsker også å bidra til ein trygg og inkluderande oppvekst, og jobbar for:
  • at barn og unge blir inkludert og får vere med på like vilkår i meiningsfylte aktivitetar
  • at jenter sitt sjølvbilete blir styrka slik at dei kan ta eigne, trygge val
  • å ivareta barn og unge som pårørande i vanskelege situasjonar
Ei tredje stor oppgåve er å bidra til å skape trygge lokalsamfunn. Sanitetsforeiningane rundt om jobbar for:
  • at deira medlemer i beredskap samarbeider med kommunen og andre aktørar innan beredskapen, og er eit viktig supplement for å bidra til trygge lokalsamfunn
  • å vere ein innovativ og aktiv ideell aktør som avdekkar behov og utviklar tilbod som sikrar helse- og omsorgstenester for sårbare grupper
  • å vere ein inkluderande arena og for å stimulere til deltaking i samfunnet og arbeidstrening gjennom frivilligheita og Sanitetsforeiningane sine ideelle prosjekt

Saka held fram under biletet

Det manglar ikkje på godt humør i Evje og Hornnes Sanitetsforening. Jentene er difor svært ettertrakta som nissar under julehandelen i Evje sentrum i desember. F.v. Astri Evanger, Jorunn Marie Butveit og Wenche Skaiå. Foto: Geir Daasvatn

Litt historie

I 1898 opna Sanitetskvinnene den første skulen sin for utdanning av sjukepleiarar. I 1899 erklærte dei krig mot tuberkulosen.

Logoen til Norske Kvinners Sanitetsforening.

I 1914 blei den første kontrollstasjonen for mor og barn opna. Det var forlauparen til dagens helsestasjonar.

I 1970 vann Sanitetskvinnene ein årelang kamp, då helsestasjon blei ei lovpålagt, kommunal oppgåve.

Ved utbrotet av andre verdskrigen sette Sanitetskvinnene opp 159 feltsjukehus og førstehjelpsstasjonar.

Sanitetskvinnene har engasjert seg spesielt sterkt, forutan mot tuberkulose og kreft, i kampen mot osteoporose (beinskjørheit) og revmatisme.

Norske Kvinners Sanitetsforening driv i dag ei rekke sjukeheimar, pleieheimar og institusjonar rundt om i heile landet.

Kva har Evje og Hornnes Sanitetsforening bidratt til?

Damene i Evje og Hornnes Sanitetsforening gjorde ein formidabel innsats i bygda under covid-19-pandemien. F.v. Benny Labdon, Grethe Jacobsen, Halldis Torgersen, Wenche Skaiå, Anne-Marie Birkeland (leiar Evje og Hornnes Frivilligsentral), Birte Hartveit og Ellen Karin Rosseland (avdelingsleiar Evjeheimen). Foto: Geir Daasvatn

Nokre eksempel:

  • økonomisk stønad til skuleturar og turar med «Kvite bussar» for familiar med dårleg økonomi
  • økonomisk stønad til barn og unge for å kunne vere med på fotball-/handballturnering
  • innkjøp av benkar til skøytebanen på Evje
  • økonomisk stønad til akebakken i Trollbakken hoppanlegg
  • adventsstund for dei som er på Evjeheimen kvar 1. søndag i advent
  • julepakker til kvinnene i Evje fengsel
  • aktiv deltaking i samband med kommunen sitt vaksinasjonsopplegg for covid-19
  • økonomisk bidrag til forsking på kvinnehelse
  • økonomisk bidrag til Min Dag

Draumedagar for barn som har det vanskeleg

Sanitetsforeininga steller i stand draumedagar for barn som har det vanskeleg over tid, og gir dei gode opplevingar som kan gjere dei tunge dagane lettare.

Eksempel på draumedagar:
  • møte med barna sine idol som fotballspelarar frå Vålerenga og «På tur med» Dag Otto Lauritzen og Kristian Ødegård
  • skøytetrening i Vikingskipet på Hamar med OL-vinnar Johan Olav Koss
  • få besøk av besøkshund på sjukehuset
  • ta med vener til ein fornøyelsespark eller eit opplevingssenter
  • invitere vener på restaurant

Mykje meir!

Sanitetsforeininga gjer endå myke meir:

  • gir økonomisk bidrag til Stine Sofie Senteret kvart år
  • stiller med lese-/lyttevener til 4. klassingane på Evje barneskule
  • deltek i prosjektet med julegåvetreet kvar jul
  • har støtta innkjøp av bålpanner og klatrenett til barnehagane i kommunen
  • gir økonomisk bidrag til Fredagsklubben
  • gir økonomisk bidrag til tur for gruppa i «psykisk helse og rus» på Evje
  • gir økonomisk bidrag til deltaking i Speidarjamboree

Doavisa

Wenche Skaiå og Eva Ljunggren heng opp Doavisa på Evje ungdomsskule. Foto: Geir Daasvatn

Doavisa er som namnet seier hengt opp på do. Sanitetsforeininga har hengt opp doaviser på Evje ungdomsskule, Setesdal vgs. på Hornnes, helsestasjonen for ungdom og på Evje Folkehøgskule på Evjemoen.

Plasseringa på do gjer at den einskilde elev kan lese avisa utan å bli forstyrra av medelevar. Kjensler, forelsking, kropp, legning, sex, grensesetting, psykisk helse og mobbing er tema det kan vere vanskeleg å snakke om. Målet er å gi god og rett informasjon om tema som ungdom seier dei får får lære alt for lite om, både i undervisninga og ellers. Doavisa blir bytta ut kvar sjette veke, og det er åtte utgåver i året.

Her kan du lese meir om Doavisa

Avslutning

Norske Kvinners Sanitetsforening arbeider til det beste for samfunnet, ved help av midlar dei sjølv samlar inn – både lokalt og nasjonalt. Der den offentlege innsatsen ikkje strekk til, set Sanitetskvinnene ressursane inn.

Mottoet er:

– I de små ting frihet. I de store ting enighet. I alle ting kjærlighet!

Del "Evje og Hornnes Sanitetsforening – i teneste for bygda i 123 år!"