Medlemer i Evje og Hornnes Sanitetsforening sydde og leverte smittefrakkar til Evjeheimen under koronapandemien. F.v. Benny Labdon, Grethe Jacobsen, Halldis Torgersen, Wenche Skaiå, Anne-Marie Birkeland, Birte Hartveit og Ellen Karin Rosseland. Foto: Geir Daasvatn

Evje og Hornnes Sanitetsforening med 125-årsjubileum!

Sanitetsforeninga fyller 125 år i 2024. Det vil laget feire med stor jubileumsfest på Dølen Hotel på Evje laurdag 9. november!

Evje og Hornnes Sanitetsforening er ei lokalforening tilslutta Norske Kvinners Sanitetforening. Foreninga er ei samanslåing av Evje Sanitetsforening og Hornnes Sanitetslag, som blei vedteke under eit felles årsmøte våren 2015. Leiar i 2024 er May Britt Stenjor.

Kva foreninga steller med

 Wenche Skaiå og Eva Ljunggren i Sanitetsforeninga heng opp eit nytt nummer av avisa på toaletta på Evje ungdomsskule. Foto: Geir Daasvatn

Sanitetsforeninga utfører kvart einaste år eit stort og viktig arbeid i bygda – for bygdefolket. I dette korte stykket kan det bare bli nokre stikkord. Foreninga har i godt samarbeid med skulen to lese- og lyttevener som er saman med 3. klassingane kvar tysdag om vinteren. Dei gir ut «Do-avisa» som blir hengt opp på innsida av do-dørene på skulen, slik at elevane uforstyrra kan få kunnskap om viktige tema. Det er saker som eigen og andre sin seksualitet, kropp, psykisk- og seksuell helse, osv. På «Open brannstasjon» kvart år stiller dei som vaffelsteikarar og deler ut gratis pølser, saft og is til borna. Under koronapandemien gjorde foreninga sine medlemer eit uvurderleg arbeid for kommunen. I 2023 blei omsorgsbredskaps-avtalen med kommunen fornya. Kvar måndag er det fellestur i skog og mark for alle som har lyst frå Idrettsbygget ved Evje stadion kl. 11. Laget støtter andre lag og foreningar med midler når det høver seg slik. Ja, aktiviteten er stor og tiltaka mange, så det får vere med dette i denne omgang.

Les også: Gleden ved å hjelpe til

Litt historie

Historia om sanitetsforeningane i Evje og Hornnes strekk seg altså tilbake til 1899, då ei forening med namnet «Evje og Hornnes sygepleierforening» blei skipa i Dåsnes. I 1917 skilde foreningane lag, og blei sjølvstendige. Frå 2015 har dei igjen gått saman i ei forening.

I Arnstein, årsskriftet til Evje og Hornnes Sogelag, er det i 2000-utgåva to fine stykke skrive av Sigrun Smeland og Anna Galteland om historia til Hornnes Sanitetslag og Evje Sanitetsforening fram til då.

Heider

Evje og Hornnes Sanitetsforening fekk Frivillighetsprisen i Evje og Hornnes kommune for 2022.

Ein festkomite er i full sving med å planlegge jubileumsfesten for medlemene og inviterte gjester 9. november. Det blir nok ein høgtideleg kveld. Det er ikkje mange lokale lag og foreningar som kan skilte med slik ein levealder. Sanitetsforeninga i Evje og Hornnes er ein særs vital 125-åring!

Glade sanitetskvinner etter å ha fått Frivillighetsprisen for 2022 i Evje sentrum 8. august 2022. I midten bak prisutdelar og ordførar Svein Arne Haugen. Foto: Geir Daasvatn
Del "Evje og Hornnes Sanitetsforening med 125-årsjubileum!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.