Angelo og Gunhild, med barn, framfor stova i Granlia.

Frå landbygda i Italia – til bureising under Fennefoss- fjellet

Angelo Tambini (1851–1916 ).

Tekst og foto: Øystein Moi

Eg ser attende på ein triveleg sumarkveld i stova på Granlia. Me er på mange måtar på historisk grunn. Utsikt til dei kolsvarte slagghaugane som framleis ligg som kvilande tidsvitne etter det gamle nikkelverket. Vår stuttreiste og mektige industrihistorie. Me er eit drygt spydkast unna tuftene og fossestrykene kor den landskjende predikanten og vekkingsleiaren Hans Nielsen Hauge i si tid sytte for utbyggjing av både papirmølle, kornmølle og sagbruk.

Normann Tambini serverer kruttsterk kjelekaffe – og gjærbaksten er rykande fersk. Sjølv om etternamnet ber bod om noko meir orientalsk blod i årene – så var det her han vaks opp. I gamle Hornnes sokn. Stutt veg til Evje sentrum – men framleis på den «rette sida» av åna.

Mykje er som før i tida her i Granlia. Kvitevarene på kjøkkenet, komfyr og kjøleskåp, kunne heilt naturleg funne sin plass på det kommunale museet på Fennefoss. Møblene, bord, stolar og sofa, er frå ei tid då ingen ei gong hadde høyrd om korkje Ikea eller Møbelringen. På stoveveggen heng bilete av stolte forfedre – og minne frå ei svunnen tid. Ei tid me snart skal kome attende til.

Stykket held fram under biletet

Far og son, Normann og Frank, framfor stova i Granlia.

Normann Tambini vaks opp her under det mektige og høgreiste fjellet. Han hadde stutt veg, om lag 35 meter, ned til den lokale skulestova. Fennefoss skule var namnet den gong. Det var her den komande handverkaren lærde seg både landkunne, rekning, høgtlesing, salmevers og folkeskikk. Han og kona Anne, busette seg i Vennesla, og fekk etter kvart tre born. To gutar – og ei jente. I det meste av sitt yrkesaktive liv fekk Normann dagløna si utbetalt i kvit konvolutt hjå den lokale verksemda Reber (Schindler) Heis.

Midt på stovebordet – på ein kvit og hekla duk, ligg eit stort bilete av dagens hovudperson. Angelo Tambini (1851–1916) lyt så avgjort få heidersplassen denne kveldsstunda. Han fortener det. Utan atterhald. Tambini. Du finn garantert berre eit einaste slektstre i detta landet med slike greiner. Reiser du derimot til den italienske landbygda, til Montegroppo, så finn du dette slektsnamnet på nær sagt alle gravsteinane på den lokale kyrkjegarden. Det var her han slo opp augo for aller fyrste gong. Angelo Tambini. Det var her han vaks opp. Ei lita grend, midtvegs mellom storbyane Parma og Genova. Eit lite bygdesamfunn på storleik med Flatebygd – eller Åpåsland.

Så er det store spørsmålet – kvifor Angelo ein vakker dag pakka sekken i Italia og drog i veg mot sitt nye heimland. Mot Noreg. Eit land som den gong var fattig, og som for dei fleste var eit land dei reist frå – ikkje til. Svaret fær me truleg aldri. Angelo, katolikken og italienaren, var truleg på leit etter lukka – og eit betre liv. Grunn god nok.

Angelo kom til Noreg i året 1872. Han kunne korkje lese eller skrive – men mykje tyder på at han hadde ei fin framferd og at han var meir talefør enn folk flest. Om nokon i leiinga på Evje Nikkelverk kunne italiensk er vel lite truleg – men Angelo Tambini møtte arbeidsformannen på verket med rak rygg, og eit klart hovud. Han vart straks tilsett i løna arbeid – og her vart han verande livet ut. I meir enn 30 år. I fylgje gamle dokument, trygt oppbevart i kroskåpet på Granlia, var Tambini ein trugen og omtykt arbeidsmann: Han vart beden på privat middag hjå sjølvaste bedriftsleiinga – og direktøren spanderte jamvel ein tur til Italia, til Montegroppo, som takk for mange, lange og strevsame arbeidsdagar. I dag hadde truleg Angelo fenge gullklokka – og diplom. Ikkje tur til Montegroppo.

Det var like før århundreskiftet, i 1899, at Angelo Tambini , kjøpte hustomta som seinare skulle verte eit bureisingsbruk – og ein trygg og god heim for fleire generasjonar. Heilt fram til vår tid. Til i dag.

Det var lite arbeid på nikkelverket i sumarhalvåret og Angelo nytta difor desse månadane til å byggje ein ny heim. Til seg og sine. Tomtearbeidet vart tung og langdrygt. Bustadhuset vart flytta, i sin heilskap, frå Ånelandsbygda. Ei lang reis på den tida. Frå heigardane på «hi sida av åna». Ei gong i løpet av kalenderåret 1902 kunne ein stolt italiener flytte inn i eige husvære. I Hornnes sokn. Eit økonomisk løft i ei tid kor årsløna på «verket» var om lag 500 kroner.

Angelo Tambini var gift tre gonger. Fyrst lova han evig truskap til Jorid Fennefoss. Dei øksla seg, slik dei
fleste ektefolk plar gjere, og dei fekk tre born. Etter ei tid vart Jorand gravid med tvillinger, men under dramatiske tilhøve så døydde ho i samband med fødselen. Etter kort tid så døydde og dei to små borna – tvillingane. Med Åse Knutsdotter, frå Stakkegraden på Moi, fek Angelo fire born. Jørgen, Olav (far til Normann ), Marie og Andreas.

Livet kan ofte vere både brutalt og urettferdig. Åse døydde då yngstemann var berre fire år gamal. For Angelo vart det no ekstra tøffe og strevsame dagar. Han fekkk difor, og heilt skjøneleg, hyra inn ei hushjelp, Gunhild, som sytte for dagleg stell i hus og heim.

Rett skal vere rett. Angelo var ein truande mann, ein ektefødd katolikk – og på alle vis ein heidersmann. Sambuarskap var ikkje noko ein tala høgt om på den tida. Den heilage Skrifta, den katolske medrekna, inneheld sine klåre retningsliner om slikt. Om sjølve livet.

Etter kort tid tok han med seg Gunhild på ein snapptur til byen – og før kveldssola hadde gøymd seg attom Fennefossfjellet, så kunne dei beint fram kalle sg for mann og kone.

Alt har sin ende. Angelo Tambini anda ut, berre 65 år gamal. Eit langt og strevsamt liv. Ein lang og kronglute livsveg. Til fots gjennom delar av Europa. Siste etappe med båt på «bøljan blå» – før han endeleg slo rot i vasstrukken jord under Fennefossfjellet.

Tung i pusten og alvorleg lungesjuk. I dag hadde me vel kalla det kols. Distriktslækjaren den gong kalla det truleg for astma. Det svarte gullet, slagget på verket, hadde sin høge pris. På fleire vis.

– No veit du meir om Tambini-namnet, seier Normann. Han ser ut or stoveglaset. Han ser restane av nikkelverket. Slagghaugane. Det var her dei tente til dagløna. Far Olav – og bestefar Angelo. To generasjonar. Tambini.

I dag er det eit flunkande nytt kraftverk som råder grunnen attmed Fennefossen. Framleis på historisk grunn.
Kan hende, ein vakker dag, så finn me ein ny Tambini, på lønningslista her. Dei har tradisjonar for slikt.

Verda er i grunnen ikkje så stor likevel. Ein fottur frå Montegroppo i Italia – til gamle Hornnes sokn. Eit slektstre vart planta – og det spirer og gror. Framleis. I fotefara åt Angelo Tambini.

Del "Frå landbygda i Italia – til bureising under Fennefoss- fjellet"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.