Eagles Tribute! F.v. Alf Andrew Pedersen, Yvonne Kallhovd, Terje Emblemsvåg, Rita Flottorp, Tor H. Olsen, Natalia Marin, Sondre Storstadmo og Frank Uleberg, Foto: Geir Daasvatn

Fyrer opp til Eagles Tribute!

Eit knippe lokale musikarar og songarar har gått saman om å heidre det legendariske bandet Eagles ved 30-årsjubileet for comebacket i 1994. Det blir stor Eagles-konsert på Evjemoen Kino & Scene laurdag 12. oktober!

Eagles på Wikipedia

Songaren Yvonne Kallhovd og sologitaristen Alf Andrew Pedersen er initiativtakarane til det ambisiøse prosjektet. Dei er veldig glade i Eagles-låtane, fortel dei. Alf blei endåtil inspirert til å lære seg å spele gitar av Eagles! Dei håpar at dei gjennom musikken kan inspirere ungdom til å sjølv ville spele og synge. Det manglar eit fullgodt øvingslokale i Evje og Hornnes, meiner dei, men det kan kanskje Eagles-konserten vere med og sette fokus på! Skal musikkinteressen blomstre i bygda, treng ein gode anlegg for det. Dei er svært takknemlege i høve til Evje og Hornnes kommune, som låner ut kinosalen gratis. Det betyr svært mykje i eit stort prosjekt som førebels er utan inntekter.

Alf A. Pedersen med ein av dei mange gitarane sine. Foto: Geir Daasvatn

Bandet

Dei to er såvisst ikke aleine! Dei har fått med seg Terje Emblemsvåg (bass), Frank Uleberg (sologitar), Rita Flottorp (song, koring), Natalia Marin (song, koring), Sondre Storstadmo (keyboard) og den energiske trommeslagaren og portrettmålaren Tor H. Olsen. Terje er frå Bygland. Eindel av dykk kjennar han nok frå mange år i Setesdal Roots Band. Sondre kjem frå Kristiansand. Han har spelt med Justified i fleire år. Dei andre seks bur i Evje & Hornnes. I tillegg er Finn Håkon Borgi frå Bygland hyra inn som sjef for lyd og lys. Då er den delen i trygge hender. Under sjølve konserten håpar dei å få med seg bygdefolk og vener til å ta seg av dei mange oppgåvene som høyrer med til eit slikt svært arrangement.

Frank Uleberg, primus motor i motorcrossgruppa i Otra IL og busett langt oppe i Dåsvannsdalen, kjem til å imponere mange med gitarspelet sitt! Foto: Geir Daasvatn

Bandet øver 3–4 timar annankvar måndag i garasjen til Tor H. i Krossen. Der er det innreidd eit bra øvingslokale. Dei starta oppkøyringa rett før påske, og skal halde fram med øvingar gjennom sommaren og heilt fram til konserten 12. oktober.

Eg fekk ein forsmak på noko stort!

Eg hadde gleda av å få vere med på ei øving tidlegare i veka. For ein gjeng! Dei har plukka ut 15 låtar frå den enorme Eagles-katalogen, som dei vil prøve å gjere til sine eigne meisterverk. Det er ikke plass til å gå inn på alle songane her. Men etter å ha høyrt gjennom det som trass alt førebels er eit uferdig «produkt», er det ikkje tvil i mi sjel om at den oktober-kvelden på Evjemoen blir som ei musikalsk rakettoppskyting.

I «Take It Easy» syng Yvonne som den tøffe rockestjerna ho er. Sjølvlærte Natalia Marin, tilbake frå VM i karaoke i Colombia, går vanvittig høgt i «You Can`t Hide Your Lying Eyes». Alf er følsom på «Learn To Be Still» og Rita syng «Desperado» med ein sval sommarbris i stemma. På «Peaceful, Easy Feeling» er koringa frå dei tre jentene nydeleg; det er på Eagles-nivå i harmoniar. Tor H. er energisk på trommene i kvar einaste låt, mest som Animal i The Muppet Show, Frank og Alf fyller ut med tøffe gitarsoloar, Sondre er ein ekvilibrist på keyboardet og bak det heile ligg den trygge bassen til Terje og dunkar som eit felles, fast haldepunkt.

Stødig bass! Terje Emblemsvåg. Foto: Geir Daasvatn

Sjølvsagt er det mykje som ikke sit som det skal endå, og sikkert mykje meir enn eg høyrer. Gong på gong i løpet av kvelden blei songane avbrutt, og starta opp på nytt. Det var nitid øving, og oppattaking etter oppattaking for at alt skulle sitte. Eg er ikkje musikar, og forstår meg ikkje på toneartar og slikt. Men eg skjøner såpass at det er ein stor prøve for tålmodet å øve inn 15 songar til ein konsert. Ikkje minst når bandet ønsker at alt skal vere topp. Det er jo songane til eit band i verdsklasse dei øvar inn.

Eg trur det blir magisk

Musikken til Eagles er heilt i toppklassen av det som er laga. Her er det dyktige, lokale songarar og musikarar som satsar alt på å gje bygdefolket og andre musikkinteresserte frå heile indre Agder ei stor oppleving. Dei er i god rute, sjølv om mykje fortsatt må terpast på før det sit 100 prosent. Bare tida kan gje fasiten på kva dette blir. Men eg trur bestemt dei vil lykkast i å skape ei stor musikkoppleving for oss. Eg gledar meg iallfall «sinnsjukt» til kvelden, etter å ha høyrt noko av det dei har å by på.

Laurdag 12. oktober på Evjemoen Kino & Scene!

Del "Fyrer opp til Eagles Tribute!"