Gamle vrakdelar etter ein lastebil (?) på Likferdsodden. Foto: Geir Daasvatn

«Fyrste gong det har vore sild i Byglandsfjorden»

Reidar Tveito har skrive ned ei artig historie om Torjus J. Langerak og lastebilen hans med ei last sild som hamna i Byglandsfjorden nord for Grendi i boka si Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen.

I boka er det også eit bilete av lastebilen der han står stranda i vasskanten.

Historia har Reidar fått av Anne Marie Eikebråten Hauge. Ho fortel henne slik, ordrett attgjeve her slik ho står i boka:

Lastebileigar Torjus J. Langerak saman med Tønnes Homdrom og Gunnar Høgevold kom køyrande frå sør, men ved Neset mista dei styrestaget. Dei small i ein steinmur. Tønnes og Gunnar hamna i frontruta og skadde seg noko.

Torjus reparerte styrestaget med ein ståltråd, og køyrde dei skadde opp til Landeskogen. Godt bandasjerte bar det vidare, men på hovudvegen nord for Grendi rauk ståltråden. Lastebil med folk, knottegenerator og ei last med sild hamna i fjorden. Då tok Gunnar Høgevold beina fatt heimover.

Anne Marie Eikebråten

Understellet til «sildebilen»?

Den historia kom eg i hug ein gong eg var forbi Likferdsodden – som det heiter på kartet – og kikka meg litt rundt i strandkanten der. Det er rett sør for Rakkenes. Mellom steinane låg det restar etter understellet til ein gamal lastebil.

Eg trur i alle fall det er det. Men det kan sjølvsagt vere frå nær sagt kva som helst køyretøy. Når det har kome dit veit eg heller ikkje noko om. Men det er litt gøy å spekulere på om det faktisk kan vere frå «sildebilen»!

Ferdast du mykje langs Riksveg 9? Då kan eg absolutt rå til at du skaffar deg boka til Reidar. Der kan du finne mykje interessant informasjon og gode historiar om smått og stort du ser langs vegen, frå Kristiansand til Haukeli.

Kjelde

Del "«Fyrste gong det har vore sild i Byglandsfjorden»"