«At me bryr oss om kvarandre. I kvardagen. I gode og onde dagar. Kall det gjerne livskvalitet på blå resept». Foto: Geir Daasvatn

«Gå derfor ut og gjør alle folkeslag til mine disipler»

Nå kan eg ikkje slå i bordet med at eg gjennom denne lange og
kronglute livsvegen har vore nokon trugen og ihuga lesar av Bibelen.

Tekst: Øystein Moi

Ikkje har eg trødd ned dørsvillene på korkje bedehus eller kyrkjebygg – men eg vil likevel halde fram med at barnetrua allstøtt har vore ei god rettesnor i livet. I både medgang – og motgang.

Når eg likevel vart oppmoda om å dele nokre av mine eigne tankar i Kyrkjebladet så var det heilt naturleg for meg å take utgangspunkt i nettopp den heilage skrifta. I Bibelen.

Misjonsbefalinga

Misjonsbefalinga høyrast for meg ut som sjølve grunnmuren i det kristne byggverket. I livet – og i forholdet til våre medmenneskje. Om eg har mistydd denne oppmodinga frå sjølvaste «sjefen» så lyt dei skriftlærde raskt, og utan atterhald, take kraftig til motmæle.

Sjølv har eg nyleg kome attende etter eit spanande, lærerikt og nyttig år på «misjonsmarka.» Gjennom eit oppdrag for Kirkens SOS har eg kome tett på baksida av kvardagen. Den mørke sida. Den aller mørkaste sida.

Slik har eg kome svært nær menneske i den ytterst naud. Kvinner og menn i alle aldre. Folk frå alle tenkjelege og utenkjelege samfunnslag. Det gjer sjølvsagt eit voldsomt inntrykk å site i timelange samtalar med folk som bokstaveleg talt sit med peikefingeren på avtrekkeren. Når alt er mørkt og trist – når einsemda og den totale stillheten er dei to einaste attlevande i venekrinsen.

Når den einaste utgangen på elendet tykkjest vere å avslutte sjølvaste livet.

Einsemd

Kva tankar, kva for røynsle sit eg så att med etter eit drygt år i teneste på denne kompliserte – men likevel så nære «misjonsmarka.» Ordet einsemd ligg i botnen for dei aller fleste samtalane – dei aller fleste tragediane.

Her ser eg ingen skilnad på by og land. Ingen skilnad på gamal eller ung. Du finn garantert godtfolk, i ditt eige grannelag, som kvar einaste skapte dag slit med dette fenomenet. Folk på di eiga misjonsmark.

Gjere ein skilnad

Det er her me kan gjere ein sklinad. Både eg – og du.

Det skal så ufatteleg lite til for å gjere ein skilnad på liv og død. Skilnad på einsemd, total isolasjon – og eit meiningsfyllt liv. Skilnaden på ljos og mørke. Ein telefon, eit uventa besøk, eit klapp på skuldra og nokre varmande ord kan utgjere heile skilnaden. Det koster så ufatteleg lite – og det kan beint fram utføre mirakler.

Nær halvparten, 44%, av Noregs befolkning, er plaga av einsemd i større eller mindre grad. Forskninga på dette fagområdet er klår som den edlaste krystall. Vår viktigaste og mest avgjerande kjelde til eit meiningsfyllt liv er sosiale relasjonar. Nære vener. Gode vener. At me bryr oss om kvarandre. I kvardagen. I gode og onde dagar. Kall det gjerne livskvalitet på blå resept.

Slik kan me alle vere gode misjonærar. Gode ambassadørar og nyttige praktikantar for sjølvaste misjonsbefalinga. Heilt uavhengig av kristen tru og eige livssyn. Me er alle like mykje verd – og noko av det aller viktigaste me såleis kan gjere er å vise omsut for våre medmenneske. Respektere kvarandre i stort og smått. Slik at kvar og ein av oss kan få høve til leve gode og meiningsfylte liv.

Etter ein lang, dramatisk og krevjande samtale på Kirkens SOS fekk eg denne seine, og heilt spesielle kveldstimen den sterkaste meldinga eg nokon gong har fått:

«Takk for at du hadde tid til å snakke med meg. Eg har ingen andre å ringe til. I kveld har du redda livet mitt»

Del "«Gå derfor ut og gjør alle folkeslag til mine disipler»"