Frå gardsmuseet i Lidi. Foto: Geir Daasvatn

Gardsmuseet i Lidi

Sigmund Lidi har overteke det tidlegare bedehuset i Lidi. Her har han laga istand eit lite, men veldig spennande privat gardsmuseum. Det er alltid opent!

Sigmund har synt meg rundt i museet. For ein lokalhistorisk kulturskatt – ja eit klenodium – han har skapt! Eg blei reint overrumpla av alt han hadde fått plass til då eg steig over dørsvilla.

I det vesle huset har han fått inn svært mykje av det gamle utstyret og reidskapane som høyrde med til å drive ein gard. Hestevogner, sledar, såmaskiner, treskjeverk, ein fiffig patent til å rulle ut hesjetråden med, «Lettvint», frå T. T. Hamkull i Åseral og mykje meir. Her er også utstyr som blei brukt i skogen tilbake i tida. heilt frå då tømmeret blei drege ut av skogen med hest.

Stykket held fram under biletet

Gardsmuseet ligg ved vegen i Lidi, rett før du kjem til Jordalsbø. Foto: Geir Daasvatn

I tillegg til gards- og skogsutstyret, er her mange andre spennande gjenstandar. Du kan til dømes finne ein av dei tidlegaste modellane av ei motorsag. Det spørs om den fyrste saga til storhoggaren Ånund Eldhuset er så gamal?!! Her er den gamle protokollen til «Heimvon», som bedehuset blei kalla. Den gamle preikestolen er òg teken vare på.

Alltid opent!

Eg trur ikkje gardsmuseet til Sigmund er veldig godt kjend utanfor Lidi og Jordalsbø. Kanske kan dette vesle stykket helpe litt på? For det private museet er verkeleg verdt eit nostalgisk besøk! Eg hugsar sjølv at eg som liten gut fekk lov til å sitte på toppen av høyvogna når høyet blei køyrd inn med hest på Flystveit i Åseral. Noko av den kjensla kom tilbake i det gamle bedehuset.

Sånn som eg skjøner Sigmund, står døra alltid open. Det er bare å gå rett inn! Unn deg ein kikk neste gong du er forbi. Kanskje er du heldig og treff på Sigmund sjølv, og får ei liten historieleksjon om den gamle måten å drive gard på.

Ei JOBU-sag frå tidlegare tider! Foto: Geir Daasvatn
Del "Gardsmuseet i Lidi"