Gjerden 20. desember 2016. Foto: Geir Daasvatn

Gjekk fem-på i Bykle!

Eg skriv i innleiinga til bildebøkene mine frå Setesdal at eg i utgangspunktet ikkje visste noko særleg meir om dalen enn det eg såg når eg køyrde forbi på Riksveg 9. Her er ei lita historie frå Bykle som på ein litt humoristisk måte dokumenterer kor «ille» det eigentleg var.

Lesarinnlegg, skrive av Geir Daasvatn, 5. april 2021

Heldigvis har eg lært litt meir seinare. Eg er dessutan blitt såpass gamal at eg ikkje er så redd for å dumme meg ut lenger. Men historia var altså at eg var på fototur til Bykle. Eg ville så gjerne sjå Huldreheimen, som eg hadde lese mykje fint om i ulike kjelder. Eg kikka litt på kartet, og fann ut at staden låg innover i Jarevegen i Bykle kyrkjebygd.

Vel framme i Bykle tok eg innover denne Jarevegen. Etter ei lita stund kom eg til ei utruleg fin samling med vakre, gamle trebygningar. Det stod eit skilt der med «Huldreheimen» på, og ei pil oppover i bakken. Eg gjekk opp denne første lille bakken, og beundra alle desse umåteleg fine trebygningane. Dei er ofte nydelege fotomotiv. Så eg kjente meg «midt i smørauget» her. Eg fotograferte dei vakre bygga frå alle vinklar og kantar. Nokre av bileta blei verkeleg fine, tykkjer eg sjølv i ettertid.

Etter ei stund begynte det å bli såpass mørkt, at eg avslutta fotograferinga. Eg pakka saman utstyret, sette meg i bilen og køyrde veldig fornøgd 15 mil heim til Evje. Dette var gøy!

Setesdalswiki

Eg har ein givande hobby med å skrive i nettleksikonet Setesdalswiki. Så der laga eg ein artikkel om Huldreheimen, med opplysningar eg fann på nettsida til Setesdalsmuseet trur eg, og sette inn eit bilete til illustrasjon. Dette var i juli 2015.

Det var bare det at biletet var frå Gjerden, IKKJE Huldreheimen. Det var same biletet som står øvst i lesarinnlegget her. Dette oppdaga eg først nokre månader seinare. Eg hugsar ikke heilt lenger korleis eg blei merksam på tabben. Men i alle tilfelle hadde eg då i fleire månader gått rundt og tenkt at eg hadde vore og sett den nydelege Huldreheimen, medan det var noko heilt anna eg faktisk hadde sett.

Lærdommen kan vel for meg vere at det er rom for forbetring i kunnskapane mine om Setesdal. Nå skal det seiast at eg har studert og lese mykje om dalen etter 2015. Så truleg skal det litt til før eg gjer ein slik alvorleg tabbe på nytt. Men eg ser slett ikkje vekk frå at det kan skje ein eller annan gong. Såpass lite stoler eg på toppetasjen!

Fint restaurerte gamle bygningar i Gjerden. Foto: Geir Daasvatn

Gjerden

Når det kjem til Gjerden, er det altså ein gard (gnr. 15) i Kyrkjebygda. Han er ein av dei tre gamle gardane i bygda. Dei to andre er Byklum og Mosdøl. Det er tre hovudbruk i Gjerden; AttistogNordstog og Der inne. I nyare tid har mykje areal gått ut frå garden og blitt nytta til byggegrunn.

Trygve Gjerden eig dei to bruka Nordstog og Der inne. Saman med kona Torbjørg Gjerden har han restaurert dei gamle bygningane på bruka. For dette arbeidet har dei to fått Aust-Agder fylkes bygningsvernpris for 2011. Det var desse vakre bygningane eg i min forvirra hjerne først trudde var Huldreheimen. Men Huldreheimen ligg som alle i Setesdal veit i lia rett ovanfor husa i Gjerden. Eg må ha vore den siste som fann ut det!

Forfattaren Sigrid Unset skal ha sagt: «Han var ikke skapt til å klatre i kunnskapens tre». Eg kan av og til kjenne det slik. Men då trøyster eg meg gjerne med eit anna sitat, av den engelske teologen og forfattaren Jonathan Swift: «Et menneske burde aldri skamme seg over å innrømme at han har tatt feil. Det er jo bare å si med andre ord at man er klokere i dag enn i går»!

Del "Gjekk fem-på i Bykle!"