Evje og Hornnes sett frå Fennefossfjellet. Foto: Geir Daasvatn

Glad i heimbygda mi

Hausten 2006 vart eg sjuk, og måtte ta ein pause frå arbeidet mitt som jurist. Pausen blei etter kvart til fleire år, utan at helsa blei noko særleg betre. I heile denne tida prøvde eg å ta meg nokre turar rundt i nabolaget i Hornnes, der eg då budde, så ikkje kroppen skulle forfalle heilt. På den måten blei eg stadig betre kjent i bygda.

Artikkelen er ein tekst, eit lesarinnlegg trur eg, som eg skreiv ein gong mellom 2013 og 2020.

Fotointeressa kom seint!

Eg har aldri vore interessert i fotografering. Men i arbeidet mitt som byggesaksjurist hos Fylkesmannen i Vest-Agder tok me etter kvart i bruk eit enkelt digitalkamera for å dokumentere tilhøva på staden, når me var rundt for å gjere oss litt kjende i dei områda sakene gjaldt. Me var på «befaring» som me juristane så fint likar å kalle det. På den måten fekk eg – som ellers knapt kan kallast eit teknisk vidunder – litt kjennskap til korleis eit fotografiapparat fungerer. Medan eg streifa rundt i skogane i Hornnes kom eg på den tanken at eg kanskje kunne ha med meg eit fotoapparat der óg, og «dokumentere» litt av alt det eg såg. Så eg gjekk avgarde og kjøpte meg for første gong i livet eit fotografiapparat. 

Eg fekk opp augene!

Medan eg gjekk – eller like ofte sykla – rundt i heimbygda mi, skjedde det noko underleg: Eg byrja å kjenne at eg blei meir og meir glad i heimstaden min. Før i livet hadde eg knapt tenkt noko nøyare over dette med å høyre til ein stad, og ha noko som var heimplassen. Men no, når livet gjekk noko i stå og dagane og livet ikkje vart heilt slik eg hadde drøymt om, fekk eg ei stadig sterkare kjensle av takksemd for å ha ein heim og ein heimstad.  Ved nærare ettertanke er det kanskje heller ikke noko spesielt underleg med dette – truleg var eg berre i ferd med å bli gamal.

Etter kvart blei det tungt for meg å vere i heimen på Hornnes aleine. Kreftene var ikkje lenger så mange, og eg vart også alvorleg sjuk av kreft. Eg klarte ikkje lenger å halde det svære huset, barndomsheimen min, i stand slik eg burde. Så eg selde eigedomen og flytta opp til kjærasten i ein liten leiligheit i Tingberget på Evje. Det var ei litt vanskeleg avgjerd å ta. Eg kjende meg så heime i Hornnes. Eg var glad i Hornnes. Men no i ettertid kan eg med handa på hjartet seie – det var eit lukkeleg val.

Farmo i juni 2020. Etter at eg skreiv dette stykket, har det laga seg slik at Rita og eg har flytta attende hit. Foto: Geir Daasvatn

Eg gledar meg over augneblinka

Når ein blir sjuk og ikkje klarer å arbeide på vanleg måte lenger, kan ein ha lett for å fokusere på alt ein taper og går glipp av i livet. Mykje av inntekta fell bort og ein kan ikkje lenger kjøpe det ein vil, ein orker kanskje ikkje lenger dra på spanande ferieturar, kroppen forfell, ein mister kontakten med gode kollegaer på jobb, ein føler seg ikke lenger så høg i hatten ovafor dei ein er mest glad i og mykje meir.

Eg har heldigvis alltid hatt eit ganske lyst sinn, og har gleda meg over små ting og augneblink i kvardagen. Sjølv på dei vanskelegaste dagane i livet har det vore slik. Dette synet på livet fungerer for meg, og eg har etter kvart som åra har gått blitt stadig sterkare i trua på at det er ein god måte å leve på.  Den engelske diktaren William Blake har fått dette fram på ein uendeleg vakker måte:

                Å sjå ei verd i eit sandkorn
                og ein himmel i ein vill blomst,
                halde det uendelege i handa
                og det evige i ein time.  

Eit lita jettegryte i Hovassåni i Åraksbø kan eg godt glede meg over! Foto: Geir Daasvatn

Takknemleg – og stolt

Ein sak alle turene rundt i naturen har lært meg, er at naturen rundt oss er evig mens me menneskje berre er her for ei lita stund. Når ein er oppover i Dåsvannsdalen, kan ein sjå mange spor etter korleis isbreen har forma landskapet for mange tusen år sidan. Slik vil naturen fortsette å forme landskapet og levetilhøva våre i all framtid. Ein dag, når sola er gått tom for brennstoff og sløkkjer, er sagaen om menneskja på jorda truleg også slutt. I eit slikt perspektiv er eit menneskjeliv over på ein augneblink. Me er ikkje så viktige og umistelege som me helst likar å tru. Me er bare gjestar på jorda.

Eg er ikkje religiøs. Så i mi «tru» er det faktisk slik – eg lever berre i eit lite augneblink og så er det ikkje meir. Då har det vorte ekstra viktig for meg å prøve å vere takknemleg for det eg har og det eg får oppleve. Dei mange små augneblinka eg har gleda meg over, har tilsaman blitt eit godt liv. Det har ikkje alltid vore så enkelt, og det har vore mange tunge stunder på vegen. Men det eg kjenner når eg vandrar rundt i skogane her i Evje og Hornnes, er takksemd for å ha ein plass å høyre til, og takksemd for alt det gode eg har fått i livet.

Eg er glad i heimstaden min og takksam for livet!

Del "Glad i heimbygda mi"