Han betaler ikkje for kaffen i Beograd


Velfødd, smilande og blid møter Olav meg på hovudkvarteret hjå det vesle rutebilselskapet Risdal Touring. På Evjemoen.

Tekst/foto: Øystein Moi

Eit langt liv som vognførar he sjølvsagt sett sine tydelege spor i den røslege lekamen. Olav he nok bak seg sin siste sumar med eigen pannelugg – og forskalinga he heilt naturleg sklidd ut eit grann. Mest på den øvre sida av livreima.

Olav Ljosland Risdal er utan atterhald ein av dei mest populære turbilsjåførane i heile kongeriket. Få, om nokon, av hans yrkesbrør kan syne til ei liknande karriere. Kvart einaste år legg Olav bak seg meir enn 130 000 km på landevegen. Han he heile Europa som sitt nedslagsfelt, og han he frakta nøgde passasjerar frå Norkapp i nord – til Gibraltar isør. Frå Moskva i aust – til Borhaug på Lista i vest.

– Dette er like mykje ein livsstil som det er ein jobb, seier Olav og blar varsamt i reisekalenderen for det neste halvåret.

– På det meste så har eg hatt 235 reisedøger ute i Europa – på eitt kalenderår. Då reknar eg ikkje med 20 – 30 reisedøger i Noreg, same året. Dei kjem i tillegg.

– Møter du kundane, passasjerane, med eit smil, ja så fær du allstøtt eit smil attende, seier Olav og er ikkje det minste i tvil om at nøgde kundar er sjølve drivkrafta i det han driv på med.

– Den beste løna eg kan få er når passasjerane stig av bussen i heimbygda si og takkar for ein gild tur. Då vert eg både glad og stolt.

Heidersmannen Olav, frå den vesle grenda Ljosland – i Vegusdal, vert blank i augo. Båe augo. Samstundes.

Olav Risdal he køyrd buss i 37 av dei ulike landa du i dag finn på Europakartet. Han he vore i den tyske hovudstaden Berlin meir enn 80 gonger, og når han ei svalande kveldsstund vitjar ei av dei mange matstovene på t.d. Alexander Platz – er det så visst ikkje noko uvanleg syn at some av dei innfødde helsar venleg på bussjåføren frå Vegusdal. Han er på mange måtar ein av deira eigne. Ein del av inventaret.

– Det er vanskeleg å seie kva for reisemål eg likar best, men eg kjem likevel ikkje unna å nemne namn som Praha, Austerrike – og Nord Italia. Dette er destinasjonar som på mange måtar he festa seg på netthinna. På minnebrikka – og i hugen.

– Eg må samstundes nemne at vårt nære samarbeid med Lindesnes Trekkspillklubb he gjeve meg mange gode og minnerike opplevinger. Både sosialt, fagleg – og kulturelt. Med den gjengen ombord i bussen vert det allstøtt liv og røre. Du veit aldri kva slike kan finne på.

Det er onsdag kveld. Berre få timar sidan Olav kom heim frå ein tur til den tsjekkiske hovudstaden. No er han innom vaskehallen for å reingjere reiskapen, eg tenkjer då på bussen, før han torsdag morgon set turen mot Tyskland, Østerrike og landområda i sør som tidlegare heitte Jugoslavia.

Den moderne turistbussen henta han sjølve på fabrikken for få veker sidan. Olav handlar alltid frå øvste hylle. Med ein prislapp på rundt rekna 5 millioner kroner syner han med heile si tyngde at han vil passasjerane det aller beste. Berre det beste er godt nok for Olav Risdal. Den stillfarne og venesæle guten som sjølve eig halvdelen av det vidgjetne rutebilselskapet som i dag jamt og trutt nærmer seg ei årsomsetning på 100 millionar norske kroner. Slikt kjem ikkje av seg sjølve.

Dei siste åra he Risdal Touring skipa til ei rekkje med spesialturar, dei fleste tilrettelagt for godt vaksne folk frå Indre Agder. Frå dalstroka innanfor. Osedalen og Kverve medrekna. M.a. så he både Praha og Paris vore målet for desse turane. På avreisedagen er det ikkje uvanleg at Olav reiser rundt og henter folk på deira eigen heimstad. Stundom er han heilt inne i stova og henter både koffertar, selskapskjoler og anna lausøyre. Eg vel å kalle slikt for personleg sørvis. Olav bruker heller ord som folkeskikk, logistikk, lokalkunnskap – og sundt bondevet.

Når du les dette så sit truleg vognførar Olav Risdal på ei kaffestove i Beograd og slær av ein venskapeleg prat med eit par av dei infødde karane. Dei set så umåteleg pris på å høyre siste nytt frå Vegusdal, frå Hovlandsdalen – og frå Hynnekleiv. Olav betaler ikkje for kaffen i Beograd. Her er han blant vener. Gode vener.

Stykket har tidlegare stått på prent i Fædrelandsvennen. Det er også med i Øystein Moi si bok Moi møter mennesker, utgjeve i 2024. Boka er diverre utseld.

Del "Han betaler ikkje for kaffen i Beograd"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.