Den nye hallen til Happy Hundesenter på Tønnesland i Hornnes 10. januar 2023. Foto: Geir Daasvatn

Happy Hundesenter med innandørshall

Happy Hundesenter på Tønnesland i Hornnes har hatt ei rivande utvikling sidan oppstarten i 2017. Nå har dei bygd ein svær innandørshall – Happyhallen – for trening med hundane også vinterstid.

Eg hadde gleda å vere til stades då ordfører Svein Arne Haugen tok det første spadestikket i byggetomta i august 2021. Nå i januar 2023 har eg tatt ein liten tur forbi Tønnesland igjen, for å sjå om hallen er på plass. Ja, sanneleg – der står han! På Facebooksida til verksemda les eg at hallen blei tatt i bruk i oktober 2022.

Kom til Hornnes i 2017

Det driftige sambuarparet Bodil Fischer Breidablik og John Skjørestad etablerte altså Happy Hundesenter i 2017. Siden har det skjedd noko nær ein revolusjon oppe på Tønnesland. Du kan lese meir om utviklinga her:

Happy Hundesenter – unik nyskapning i bygda

Happy Hundesenter – optimister som oppfyller en drøm!

Happy Hundesenter bygger innendørshall!

Laftebygg i heiltre

John og Bodil meiner dei må ha ein innandørshall for å kunne ha eit attraktivt kurstilbod til hundeeigarane heile året. God heilårsdrift er også naudsynt for å sikre eit solid økonomisk fundament for drifta av hundesenteret.

Hallen er oppørt i heiltre, som eit laftebygg. Grunnlata er rundt 1 000 kvm. Det er same modell som fjøset til Terje Birkeland oppe på Birkeland, i andre enden av bygda, bare noko mindre i grunnflate. Det skal vere den største «hundehallen» i Sør-Norge. Underlaget er kunstgras.

Kostnaden ved byggestarten var rekna til om lag 3,8 millioner kroner. Innovasjon Norge har gjeve stønad til prosjektet, og har også innvilga lån. Dovland Transport AS utførte grunnarbeidet. John og Bodil har sjølve stått for mykje av bygginga, saman med mange gode hjelparar og støttespelarar.

– Med hallen på plass har me eit komplett tilbod til hundeeigarane og eit unikt tilbod i Norge, fortel ein strålende blid John.

Det høgtidelege første spadestikket i byggetomta blei utført av ordførar Svein Arne Haugen 16. august 2021. Han tok rutinert eit par spadetak for å markere at nå var dette svære prosjektet i gang. Det var ein stor dag for dei to gründerane Bodil og John.

Samstundes som han sette spaden i jorda, og erklærte prosjektet i gang, sa ordføraren:

– Det Bodil og John får til her oppe er bygdeutvikling av beste merke. Eg ønskar dei lykke til med byggeprosjektet og drifta av hundesenteret vidare!

Eg var som nemnt forbi Tønnesland i går, og det var ei sann glede å sjå at prosjektet nå er fullført!

Happy Hundesenter har ny, flott heimeside

Del "Happy Hundesenter med innandørshall"