Stein Uleberg i ein av dei svære jordbæråkrane sine. Foto: Geir Daasvatn

Hornnes-jordbær til Sankthans

Stein Uleberg, som bur på Nestun rett ved Hornnestangen, har gjort jordbærbonde av seg. Rundt Sankthans satsar han på å ha dei første jordbæra klare for sal.

Stein og kona Bunsiri Nantha har nå 25 mål med jordbæråker på eigedomen sin. Det er ei dobling frå i fjor. Dermed held Stein lovnaden han gav om dette på NRK Sørlandet ifjor! Det er i løpet av våren planta ut over 50.000 nye jordbærplanter. Går det som Stein håpar, kan avlinga bli på opp mot 20 tonn med bær.

Tidlegare leigde Steinar Bjellås jorda til jordbærdyrking i fleire år. Men nå har Stein altså overteke alt sjølv, saman med Bunsiri.

– Det har vore ei veldig fin blomstring i år, så jordbærsesongen ser svært lovande ut, seier Stein når eg er innom for ein liten prat med min gamle skulekamerat frå ungdomsskulen på Evje.

Befruktinga av plantane er det biene til sonen Håkon Bjorland som tek seg av. Bikubene er strategisk plasserte i enden av ein av åkrane, nær reina ned mot Otra. Så her talar me verkeleg om kortreist bærproduksjon.

Eigen kiosk

På jordbærfeltet kan du sjølvsagt som før få kjøpt dei velsmakande Hornnes-bæra. I tillegg er verksemda utvida med både is- og brussal. Kiosken ligg strategisk plassert rett før du kjem til badestranda Hornnestangen. Å kunne kjøle seg ned med ein is på dei varmaste «smeigedagane» er ikke å forakte.

Det er tre jordbærtypar i åkrane på Nestun: Florens, Sonsation og Malvinas. Malvinas-jordbæra modnast noko seinare enn dei to andre slagane. Det gjer det mogeleg å forlenge jordbærsesongen ein del.

Må vatne kvar dag

Med sommarvarmen som nå er her for fullt er det blitt veldig tørt i jorda. Stein og hjelparane hans må vatne åkrane kvar dag for å halde veksten i gang som han skal. Då eg var forbi bala dei med å få sving på ei gamal pumpe dei hadde vore og henta heilt i Tovdal.

Uvurderleg hjelp frå Thailand

Thanaporn og Surrapong fiksar det meste! Foto: Geir Daasvatn

Det er mykje arbeid med jordbæråkrane nå i innspurten før bæra modnast. Stein er heldig, og har dei to gode hjelparane Thanaporn og Surrapong med seg i den daglege drifta, og kona Bunsiri sjølvsagt.

– Dei to er utruleg flinke og heilt sjølvgåande i arbeidet, fortel Stein. Dei kan mykje om plantedyrking. Det er ikkje mykje eg treng å blande meg inn i. Det er ekstra viktig for meg no, etter at eg hadde eit alvorleg tifelle av sjukdom for kort tid sidan. Det går fint med meg no. Men eg kan til dømes ikkje køyre bil på ei stund. Så utan dei to til help hadde me vore ille ute her på Nestun.

Forsøksringen

Eg eg på veg til Hornnestangen for å treffe nokon. Så eg må ta farvel med Stein. Men før eg fyk avgarde, vil han gjerne fortelje litt om Jan Karstein Henriksen i Forsøksringen.

– Jan Karstein må vere ein av dei framste jordbærforskarane i verda! Han har vore ein veldig god støttespelar for meg. Kvar 14. dag får eg nye og nøyaktige «instruksar» om kva eg skal gjere dei neste par vekene. Det er ei uvurderleg hjelp for meg, som starta opp med jordbærdyrking først i fjor og lærar noko nytt kvar einaste dag!

Lykke til!

Eg takkar Stein fint for den trivelege praten, og gledar meg til dei nydelege Hornnes-bæra er å få tak i. Stein og Bunsiri har ein stor arv å bere vidare. To av dei flinkaste og mest arbeidsame menneska Hornnes-bygda har fostra er «Jordbærkongane» Sigbjørn og Arnar Kjetså.

Del "Hornnes-jordbær til Sankthans"