Jentene bak matvogna på Ose er strålande fornøgde med handelen den fyrste månaden.
Opningstider: Torsdag kl. 14–18. Fredag kl. 14–19. Sundag kl. 14–19
Eg var så heldig å få ein prat med to av dei, Vigdis Beisland og Gro Tove Frafjord Sandnes, då eg var forbi Ose torsdag ettermiddag. Då var dei i full sving med å betjene ein ganske jamn straum av kundar, men fann tid til å svare på nokre korte spørsmål innimellom.
Det var altså i romjola dei fem venninnene Marit Simonstad Kvaale, Gro Tove Frafjord Sandnes, Vigdis Beisland, Tone Simonstad Knutsen og Siri Lande sette i gang med sal av bakte poteter og andre godsaker frå matvogna dei har leigd av Potetbaker`n i Kristiansand. Setesdølen ved Marie Skjevrak Abusland skreiv eit flott stykke om det nye tilbodet i romjola og Fædrelandsvennen ved Birgitte Klækken laga ein verkeleg fin artikkel om nyskapinga i byrjinga av januar. Så jentene har fått god drahjelp med marknadsføringa i den viktige oppstartstida.
Knallstart
– Me er kjempefornøgde med desse første vekene me har halde på, seier ei sprudlande opplagt Vigdis. Søndagskveldane er det veldig mange som svingar innom på veg heim frå hyttene sine oppover i dalen. Så har handelen også auka mykje torsdag ettermiddag. Då er mange arbeidsfolk på veg heim til langhelg, og tek ein stopp hos oss før dei fér vidare.
Dei bakte potetene er alt blitt «berømte» og mykje etterspurde. Munkane til jentene seglar også opp som ein favoritt. Sjølve meiner dei at dei lagar dei beste munkane i Setesdal. Ingen av jentene er i beit for talegåver, men akkurat her trur eg dei er litt smålåtne. Munkane er himmelske! Då er det til å forstå at dei alt har måtte gå til innkjøp av eit ekstra munkejern for å halde unna i handelen.

I tillegg til desse godsakene får du billeg kaffi til berre 15 kr koppen, brus og andre drikkevarer og pølse i brød om det er det du treng akkurat der og då.
Inga ventetid!
– Mange misforstår litt og trur dei må vente lenge på å få den bakte poteta dei gjerne vil ha, seier Gro Tove. Men det er inga ventetid! Me lagar dei ferdige på førehand, og held dei oppvarma. «Ventetida» er berre den korte tida det tek å gjere dei heilt ferdige til utlevering, max. 3 minutt! Få også med at me kan servere allergivenleg mat, avsluttar ho på inn- og utpust.
Eit artig og lurt «påfunn» jentene gjer, er å sende med alle kundane ein liten søppelpose dei kan hive emballasjen i når dei er ferdige med å ete. Målet er at 0 – null – avfall skal kome ut i naturen frå matvogna på Ose!
Ose Mat er ramma
Venninnegjengen har skipa selskapet Ose Mat for å ha ei god ramme rundt tiltaket. Dei leiger førebels vogna av Potetbaker`n i eit halvt år og får ha ho plassert på tomta til Coop Marked Ose utan kostnader. Vogna har så langt vore eit «vinn-vinn-prosjekt» for både jentene og butikken, der Vigdis som kjend er butikksjef. Matvogna gjer at fleire stoppar på Ose, og nokon av dei brukar også høvet til å handle i butikken som er open heile døgeret. Oppvarminga i vogna er gass. Driftskostnadene i oppstarten er såleis temmeleg beskjedne.
Jentene deler på å vere i bua. Normalt er 1–2 av dei på vakt, men om det er veldig travelt kan dei vere fleire. Dette fyrste halve året kan seiast å vere ein «prøveperiode», forklarar Vigdis og Gro Tove. Men slik dei fyrste vekene har vore, med masse handel og mange trivelege folk innom, taler alt for at tilbodet vil halde fram vidare.
Vogna kan flyttast
Matvogna er mobil og kan flyttast, til dømes til arrangement rundt om i dalen. Gro Tove understrekar også at dei kan levere bakte poteter, munkar og det dei elles sel i vogna til møter, arrangement og andre samankomster der det er aktuelt å servere noko å bite i. Det er berre å ta kontakt.
Draumelag
Det som slår meg når eg sit her heime og prøver å lage eit lite stykke om jentene i matvogna på Ose, er at dei verkar å vere eit knallgodt lag. Dei fem er veldig flinke på kvar sine vis. Her er det utruleg dyktige og erfarne matlagarar, nokre av dei beste seljarane eg kan tenke meg, gründer-mentalitet, ekspertise på foto og marknadsføring, rekneskapskunnskap, lang erfaring frå næringslivet, ja i grunnen alt eg vil tru trengs for å lukkast med eit «forretningskonsept».
Eit stopp hos jentene på Ose er veldig gøy og maten dei serverer er av beste merke. Eg ynskjer dei all mogeleg lukke til med matvogna vidare!