Kommunestyret i Evje og Hornnes vedtok på sist møte 15. desember å yte 3,2 mill. i tilskot til planlagt nybygg ved Evje kyrkje. Evje og Hornnes sokneråd står bak prosjektet.
Det nye bygget plasserast der bårehuset står i dag. Det er eit bygg som komplementerer kyrkja med dei funksjonane ho manglar i dag.
Samlar dei kyrkelege funksjonane på ein stad
Bygget skal huse både administrasjonslokale for dei tilsette i kyrkja og lokale for undervisning og møteverksemd. Det blir enkel servering/kjøkkenteneste, ei oppgradering av toalett for kyrkja samt oppgradering av rom til bruk ved gravferd og lokale for kyrkjegardsarbeidar. I planane ligg også oppføring av eit garasjeanlegg/plass for utstyr.
11 millionar
Den totale kostnaden for bygget er rekna til 11 mill. kroner. Soknerådet understrekar i søknaden til kommunen at det er ein usikker prognose. Utanom kommunalt tilskot skjer finansieringa etter planen gjennom eigenkapital/fond, tilskot, gåver og kollekt m.m. og lån.
Dette er eit spennande prosjekt å følge framover!
Les meir om saka i saksframlegget til møtet i kommunestyret 15. desember 2022