Evje kyrkje. Foto: Geir Daasvatn

Kommunalt tilskot til nybygg ved Evje kyrkje

Kommunestyret i Evje og Hornnes vedtok på sist møte 15. desember å yte 3,2 mill. i tilskot til planlagt nybygg ved Evje kyrkje. Evje og Hornnes sokneråd står bak prosjektet.

Det nye bygget plasserast der bårehuset står i dag. Det er eit bygg som komplementerer kyrkja med dei funksjonane ho manglar i dag.

Samlar dei kyrkelege funksjonane på ein stad

Bygget skal huse både administrasjonslokale for dei tilsette i kyrkja og lokale for undervisning og møteverksemd. Det blir enkel servering/kjøkkenteneste, ei oppgradering av toalett for kyrkja samt oppgradering av rom til bruk ved gravferd og lokale for kyrkjegardsarbeidar. I planane ligg også oppføring av eit garasjeanlegg/plass for utstyr.

11 millionar

Den totale kostnaden for bygget er rekna til 11 mill. kroner. Soknerådet understrekar i søknaden til kommunen at det er ein usikker prognose. Utanom kommunalt tilskot skjer finansieringa etter planen gjennom eigenkapital/fond, tilskot, gåver og kollekt m.m. og lån.

Dette er eit spennande prosjekt å følge framover!

Les meir om saka i saksframlegget til møtet i kommunestyret 15. desember 2022

Bårehuset ved Evje kyrkje i dag. Foto.
Området her ved bårehuset er tenkt utnytta til nybygget. Foto: Geir Daasvatn (2009)
Del "Kommunalt tilskot til nybygg ved Evje kyrkje"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.