Jan Tore i sitt ess! Foto: Geir Daasvatn

Kompe-Leifsen

Eg har vore ein liten svipptur innom Leifsen på Brygga i Bygland. Det var ein «Kompetorsdag» for ikkje så lenge sidan.

Innlegget er først publisert på Setesdalssida på Facebook, 14. mars 2022.

Når eg stikk hovudet inn døra, er det Leifsen sjølv (Jan Tore for dei uinnvidde) og «støttekontakten» Trine Hennestad eg treff. Ja, støttekontakten er ikkje mitt uttrykk, men noko dei kjem fram med sjølve. Trine og Leifsen er gode vener. Ho bur i Lindesnes, men er ofte oppover til han i Bygland. Dei berømte kompene er det Gro Anita Larsson som mykje steller i stand, etter oppskrift etter bestemor Gro Austad. Etter sigande frå fleire kompetente hald nokre av dei beste kompene som finst i heile verda.

Kompesesong frå september til mars

Kompesesongen hos Leifsen på Brygga tek til rundt 15. september og held fram til 30. mars. Her kan du altså mest kvar torsdag gjennom vinteren bestille komper for å ta med heim, eller du kan ete dei i fred og ro i det trivelege gamle lokalet. Mange kjem også innom for å ta med komper på hytta lenger nordover i dalen. I snart 10 år har Leifsen halde på med denne populære kompeverksemda si. Oppstarten var i september 2013, meiner han å huske. Kommunen eig Brygga, og Leifsen er leigetakar.

Jan Tore Leifsen
Leifsen i sitt ess! Foto: Geir Daasvatn

Kor mange komper som er seld på desse åra veit han ikkje så nøyaktig. Men medan han sjølv nyt ei av dei digre kompene, tek underteikna til å rekne litt på ein serviett. Om lag 60–80 komper går ut kvar gong, meiner Leifsen. Det er kanskje rundt 24 kompetorsdagar i året. Då kjem eg til opp mot 1 900 komper i sesongen. Gangar eg det igjen med 9 kompesesongar, kjem eg til at Leifsen kan ha seld opp mot 17 000 komper på desse åra. Nå er reknestykket kanskje i øvre sjiktet, og kalkulatoren er ikkje med på turen. Men såpass må det vere når eg er på besøk for å høyre litt om korleis verksemda går. Eg kan aldri minnast å ha høyrt om nokon forretningsdrivande som prøver febrilsk å underdrive omsetninga eller besøkstala, for å seie det slik. Kompene er dessutan umåteleg svære, ja så digre at Leifsen er inne på at han rett og slett tapar pengar på dei. Men etter litt att og fram, og sjekk av eit eksempel på Facebook (512 gram), legg eg til grunn ½ kg pr. kompe.

8,5 tonn komper!

Då endar reknestykket med at Leifsen kanskje kan ha seld opp mot 8,5 tonn komper i karriera! Det er ein umåteleg god prestasjon, på høgde med kva dei beste toppidrettsutøvarar presterer. Men Leifsen er ikkje synderleg oppteken av det:

– Eg vil bare at det skal vere lunt, hyggeleg og triveleg for alle å stikke innom her på Brygga, seier han med eit breitt smil.

Mykje meir enn komper

Kompe er som me alle veit mat & kultur av beste merke. Leifsen har også mange forskjellige andre typar kulturarrangement på Brygga. Det kan vere konsertar på laurdagskvelden, quiz-kveldar eller anna moro. I mai vil han stelle i stand gourmetaften. Der er det plass til max. 30 matglade menneske. Litt seinare, i slutten av juni, er det stor bluesfestival. 80 feststemte menneske er alt påmeldte. Utover sommaren blir det konsertar på Brygga om lag annankvar helg. Store artistnamn som Oddvar Omnes og Dark Session er hyra inn. Det er mykje å glede seg til!

Det kunne skrivast så mykje om Leifsen og dei gode hjelparane hans på Brygga, og den fine staden dei har skapt der. Og naturen rundt, med fjorden og fjella, er jo heilt utruleg vakker ein lun sommarkveld. Men dette var noko av det eg så vidt klarte å få notert ned nokre stikkord om medan me snakka om laust og fast, og ikkje minst «gamle dagar» då Jan Tore og bror min Finn var som bestevener i ungdomstida heime i Evje og Hornnes.

Nå er kompesesongen snart over. Men andre og like gøye kulturaktivitetar vil dukke opp på rekke og rad utover våren og sommaren. Hos Leifsen. På Brygga, Bygland.

Del "Kompe-Leifsen"