Skore 11. august 2018. Foto: Geir Daasvatn

Skore – Bygland

Skore er ein gamal gard høgt oppe i lia aust for Ose, på austsida av Otra, nord for Åraksbø.

Garden blei fråflytta ut på 1960-talet. Men dei gamle bygningane står tilbake, mellom anna det vakre buret frå 1600-talet.

Stykket held fram under biletet

Det gamle stabburet. Til høgre ser me ned mot Osefita og Reiårsfossen. Foto: Geir Daasvatn

Dei siste som dreiv garden var to jenter som blei kalla «Skorsjentene», Gro Gunnarsdotter Skore (1880–1966) og Gyro Gunnarsdotter Skore (1889–1978). Frå mor deira døydde i 1918 var dei ansvarlege for alt «kvinnfolkarbeid» på garden. Etter at far deira, og seinare broren Bjørgulv blei borte, hadde dei også ansvaret for sjølve gardsdrifta. Dei var flittige og arbeidde mest natt og dag. Det var velstand på Skore, og jentene såg til at garden var i god stand, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. Dei dreiv han så lenge dei kunne. Til sist kravde alderen sitt, og dei kom på Byglandsheimen.

Olav Øygarden har den vakre og spesielle eigedomen i dag. Han har gjort mykje for å ta vare på dei gamle bygningane. Det går gjerne kuer på beite her om sommaren. Det er ein utruleg idyllisk plass, og eit unikt kulturminne om ei tid som er forbi.

Skore på Norgeskart.no

Kjelder

Garden 6. april 2020. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Systog Dale-loftet
Postvegen – Storstraumen
Systog Trydal-loftet
Postvegen – Vrongevje
Tveitbakk – flotingsmur
Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv
Postvegen – Einang
Postvegen – Skorpetveit
Haugefjellet feltspatgruve – Evje
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
Sørstemmen – Jordalsvatn
Sanden Såre – flotingsmur