Dalevegen – Kveste til Tveiten

Før Postvegen si tid, før 1840-talet, gjekk ein gamal rideveg i Valle frå Kveste gjennom Andaskar til Tveiten. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand nordover gjennom Setesdal, stod ferdig til Valle kyrkje kring 1846. Men han var farande eit par år før, i 1844. Med «køyreveg» talar me då om ein veg det var […]
Dalevegen – Hågås på Bjørnarå

På sørsida av Hågås på Bjørnarå er det tydelege spor etter den gamle Dalevegen, ridevegen mellom Bykle og Valle før det kom køyreveg på 1870-talet. Dei som budde ovanfor Byklestigen tok gjerne vegen over heia frå Rygnestad til Stavenes. Dei kunne òg følge elva forbi Byklestigen. Men den vegen var det vanskeleg å frakte noko […]
Åmdalskleiva på den første Dalevegen

Åmdalskleiva var ein bratt bakke på kløv- og ridevegen setesdølane for langs når dei var på bytur før det kom køyreveg for hest og vogn. Åmdal er ein gard i Hægeland, litt vest for Riksveg 9. Her passerte den Austre Fjellmannsvegen, som Dalevegen mykje er blitt kalla lenger sør enn Setesdal. Han kom då sørover […]