Haugenloftet – ein unik kulturskatt
![Haugenloftet-Haugeburet, Åraksbø. Foto.](https://setesdalssida.no/wp-content/uploads/2023/01/Haugeburet-170917-2-2-1024x606.jpg)
Haugenloftet, eller Haugeburet som det vel kallast lokalt i Bygland, vart bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Med unntak for kyrkjebygg, skal loftet vere den nest-eldste trebygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt […]