Vakre Hornnes kyrkje frå 1828

Hornnes kyrkje. Foto.

Hornnes kyrkje er ei vakker, åttekanta kyrkje frå 1828 på Hornnes i Evje og Hornnes. Kyrkja vart vigsla av prost Paul Brodahl Larsen 22. juni 1828. Byggmeister var Leg Askildson Hallingskaar frå Laudal i Vest-Agder. Arbeidet var ikkje heilt vellukka, og tårnet var skeivt. Noko seinare vart det difor bygd nytt tårn. Dette arbeidet blei utført av Anders Torson Syrtveit («Anders kyrkjebyggar»). Kyrkja er lafta og har 300 […]