Kvernebekken Gryte i Valle

Tilbake i tid var det alt-i-alt 13 kvernhus langs bekken Gryte i Valle. Valle var den beste kornbygda i Setesdal. Mest kvar gard hadde sitt eige kvernhus der dei mol kornet til mjøl. Kornslaget var i hovudsak bygg. Malinga gjekk føre seg haust og vår medan det var mykje vatn i elva. Det blei male […]
Kvinnebekken på Dale

I skogen langs Kvinnebekken på Dale i Valle står to gamle kvernhus og minnar oss om den gamle kvernkulturen som var eit viktig ledd i dagleglivet i Setesdal gjennom fleire hundre år. Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat […]
Nordenåkverna – Åraksbø

Nordenåkverna er i dag det einaste kvernhuset som står att langs Hovassåna i Åraksbø. Gjennom tidene kan det ha vore opp mot 20 kvernplassar langs elva. Nordenå ligg i dei bratte bakkane på nordsida av Hovassåna. Garden hadde ein god kvernstad i Skrikarjuvet. Staden er eit godt stykke ovanfor Nordenåbrua, og oppforbi der dammen etter […]