Likkvila ved Stemmen – Jordalsvatn
Likkvila ved Stemmen ligg rett sør for den gamle stemmen for Jordalsvatn aust for Jordalsbø i Bygland. Etter segna skal det vere likkvila til Jørund Gunnarson Kvåle. Jørund døydde under ein tur til Tovdal, truleg i 1670-åra. Likkvila ligg langs den gamle ridevegen Jordalsbø – Øy – Tovdal. Dei skal ha lagt henne den stunda dei kvilte då dei bar Jørund heim til Bygland. Likkvila er lita, […]
Likkvila attmed Ratøygard – Bygland
Likkvila attmed Ratøygard ligg ved Jordalsvatn i Bygland austhei, ved den gamle ridevegen Jordalsbø–Øy–Tovdal, på sørsida av Eksævegen, nær den gamle støylen Ratøygard. Det er sagt å vere likkvila til Ingebjørg Olavsdotter Oppsal i Jordalsbø, som blei stanga ihjel av prestestuten på Øy 10. august 1859. Om kvelden fann slåttefolk frå Såghus henne død. Men bak på ryggen låg barnet hennar bunde på bakmeisa og […]