Søndag 15. okt. har Kulturpatrulja 10-årsjubileum. Det vert feira med stor konsert i Hylestad soknehus på Rysstad klokka 16.00.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Setesdalsmuseet og Visit Setesdal. Kvar sommar syter unge utøvarar innan spel, dans og stev for å bringe ekte setesdalskultur ut til folket.
Utøvarane har variert gjennom åra. 16. juli 2016 (biletet øvst) var Eivind Tanche-Larsen Knutsen, Sigrid Kjetilsdotter Jore, Åsmund Tanche-Larsen Knutsen og June Salte Thorsen på Jordbærfestivalen på Evje. Saman med Jamie Lodberg utgjorde dei Kulturpatrulja den sommaren.
Mange av utøvarane som har vore med i dei 10 åra blir med på jubileumskonserten. Det blir dans, det blir spel og det blir kveding!
Konserten blir arrangert av Setesdalsmuseet, og er avslutninga av Kulturveka 2023 i Valle. Det er GRATIS inngang.