Dalevegen – Kvinnåne, Rysstad

Den gamle ridevegen, Dalevegen, gjekk truleg langs sørsida av Fjellskarevja, over Kvinnåne og vidare på Breieveg ut til dagens Riksveg 9 ved Sølvgarden. Frå 1700-talet byrja ferdsla i Setesdal for alvor å gå meir langsetter dalen, mot Kristiansand. Det var lastehandelen som i fyrste rekke gjorde at setesdølane etter kvart blei mest bundne til den […]
Dalevegen – Øyreviki

Den gamle ridevegen mellom Bykle og Valle gjekk nede langs Otra forbi Øyreviki nord for dagens Bykle bru. Etter å ha passert vika heldt han fram ganske bratt opp ei kleiv, på nedsida av der Riksveg 9 er no. «Rideveg» tyder her ein veg for gåande og kløvhestar. Kulturberaren Folke Nesland kallar den gamle «hovudvegen» […]
Dalevegen – Lauvåsheia

Før Postvegen si tid, før 1840-talet, fór setesdølane langs gamle gang-, kløv- og ridevegar når dei hadde ærend i Kristiansand. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand nordover gjennom Setesdal, stod ferdig til Valle kyrkje kring 1846. Men han var farande eit par år før, i 1844. Med «køyreveg» talar me då om ein veg […]
Dalevegen – Kveste til Tveiten

Før Postvegen si tid, før 1840-talet, gjekk ein gamal rideveg i Valle frå Kveste gjennom Andaskar til Tveiten. Postvegen, den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand nordover gjennom Setesdal, stod ferdig til Valle kyrkje kring 1846. Men han var farande eit par år før, i 1844. Med «køyreveg» talar me då om ein veg det var […]
Åmdalskleiva på den første Dalevegen

Åmdalskleiva var ein bratt bakke på kløv- og ridevegen setesdølane for langs når dei var på bytur før det kom køyreveg for hest og vogn. Åmdal er ein gard i Hægeland, litt vest for Riksveg 9. Her passerte den Austre Fjellmannsvegen, som Dalevegen mykje er blitt kalla lenger sør enn Setesdal. Han kom då sørover […]