Helga Flateland (t.v.) og Anita Jørstad ved det som truleg er likkvila etter tipp-oldemor deira ved Ratøygard i Bygland. Foto: Geir Daasvatn

Likkvila ved Ratøygard

Ein søndag i september 2019 hadde me ein fin tur til Jordalsvatn i Bygland, i nydeleg haustver. Det er to likkviler rett ved vatnet.

Ved Ratøygard i austre enden ligg ei likkvile som lokalhistorikaren Torfinn Normann Hageland meiner er etter Ingebjørg Olavsdotter Oppsal. I eit stykke i Setesdølen for ein del år sidan, av Paal Vollen, meiner Paal at likkvila etter Ingebjørg Olavsdotter heller ligg ved Stemmen, i andre enden av Jordalsvatn. Men den likkvila meiner Hageland er etter Jørund Gunnarson Kvåle (ca. 1594–ca. 1671).

Kva som er rett her, veit ikkje eg. Me kikka uansett på begge to, og filosoferte litt over historiane som måtte ligge bak dei.

Likkvila etter Ingebjørg Olavsdotter

På biletet er det Helga Flateland frå Vegusdal og Anita Jørstad frå Hornnes som sit attmed likkvila ved Ratøygard, som me helst trur er den etter Ingebjørg Olavsdotter. Ingebjørg blei stanga i hjel av prestestuten på støylen Øy litt lenger aust 10. august 1859. Om kvelden fann slåttefolk frå Såghus henne død. Men bak på ryggen låg barnet hennar bunde på bakmeisa og gret. Mannen til den døde Ingebjørg, og far til det vesle barnet, var Olav Vermundson Oppsal.

Ingebjørg II

Den vesle jenta som overlevde, som også heitte Ingebjørg Olavsdotter (1858–1948), blei seinare gift til Ose. Ho budde i Plasset, ein husmannsplass under Ose bnr. 2, og var gift med Ånund Bjørnson Ose (1840–1899). Reidar Vollen har skrive litt om denne familien i Bygland gard og ætt, i bolken om Ose (bind III, sjå nedanfor).

Historia held fram under biletet

Plasset på Ose. T.h kan me skimte Otra, og Austad på andre sida av elva. Foto: Geir Daasvatn

Tore Ånundsdotter

Ingebjørg og Ånund Bjørnson fekk åtte born saman, og mellom dei dottera Tore Ånundsdotter (1897–1963). Tore blei gift med Grunde Olsbu (1887–1975) frå Vegårshei. Dei busette seg etter kvart i Søndre Viki, under garden Moi rett nord for Ose.

Tora

Tore og Grunde fekk ni born. Den yngste var dottera Tora (1935–1999). Ho blei gift med offiseren Kurt Jørstad (1930–1990). Han arbeidde på Evjemoen då han og Tora traff kvarandre, men var opphaveleg frå Finnmark. Dei busette seg på Grenjå nær Evje sentrum.

Anita og Helga

Tora og Kurt fekk ei dotter saman, Anita, som altså sit til høgre på biletet her, og kikkar for aller første gong på likkvila som me trur er etter tippoldemora hennar. Anita er svigerinna mi.

Ingebjørg er også tippoldemor til Helga t.v. på biletet, utan at eg kan gjere heilt greie for slektstilhøva hennar endå. Det må vel bli eit nytt innlegg seinare det, då 🙂

Det er rart korleis livet kan spinne trådane sine kring oss.

Kjelder

Del "Likkvila ved Ratøygard"