Gåseflådammen på grensa mellom Iveland og Vennesla, 1. desember 2015. Foto: Geir Daasvatn

Liten båt – om livet

Når helsa sviktar og ein ikkje kan jobbe på vanleg vis lenger, er det mykje i livet som går i stå. Men det hjelper ikkje så mykje å stå på sidelinja og vente på at eitt eller anna mirakel skal skje, slik at livet blir «fiksa» igjen.

Utan jobb skrantar økonomien raskt, ein føler seg endå mindre enn før som ein draumeprins for kjærasten og mange draumar for framtida går i tusen knas.

Men me må prøve å finne oss ein veg gjennom livet likevel. Vegen vidare blir kanskje ikke like strålande opplyst og fylt av store «sigrar» som draumen ein gong var. Men dei mange små daglegdagse ting og opplevingar kan til saman uansett bli et godt og verdfullt liv.

Trond Aslaksen frå Åmli kom for nokre år sidan ut med ei fin lita diktsamling; «Alltid aleine». Han legg sikkert noko heilt anna i orda sine enn meg. Men eitt av dei små dikta hans heiter «Liten båt». Det siste verset er slik:

Liten båt eig mindre bølgjer, men går nære opp mot land,
driv fram mellom eigne holmar, lydlaust mot si eiga strand.

Det tenkte eg på ein kveld, då eg stod i tusmørket ved Gåseflådammen og høyrde Otra dundre gjennom damlukene på sin veg mot havet. Elva var full av kraft og – mest – ustoppeleg på ferda si.

Eg er ikkje full av kraft lenger, og langt ifrå ustoppeleg. Men det var fint likevel, kjende eg, «-å drive fram mellom eigne holmar, lydlaust mot mi eiga strand».

Eg ønsker dykk alle gode dagar, og spesielt du som slit i livet.

Innlegget er ein lett omarbeidd versjon av eit stykke frå heftet «Bare ein vanleg kvardag – for ei gåve!», som eg fekk trykka opp i 2020. Opphaveleg skreiv eg desse små orda på Facebook i desember 2015.

Del "Liten båt – om livet"