Han vart aldri innskriven som elev på Hornnes Gymnas, men han tok på mange måtar ein grusom hevn då han i toleg vaksen alder kom attende som lærar ved den same skulen.
Tekst/foto: Øystein Moi
Han vart verande på sin post i 34 år – som kroppsøvingslærar. Ei teneste som sette djupe spor etter
seg både på skulen – og i nærmiljøet.
Odd Harald Robstad var ein særs omtykt lærar. Ein poulær mann i heimbygda. Ein ungdomsleiar, ein dugnadsgeneral – og ei eldsjel du ikkje finn maken til så mange andre stader i røystekrinsen. Han er heidra med ei blankpolert fortenestemedalje i sylv frå sjølvaste H.M. Kongen, han er æresmedlem i Otra IL – og han er tildelt kulturprisen i Evje & Hornnes kommune. Me talar her om ein heidersmann frå aller øvste hylle. Ein idrottsmann som framleis stiller på startstreken i dei tøffaste terrengløpa, og som he kjempa seg gjennom Sesilåmi, i motvind – og på bakglatte ski , meir enn 30 gonger.
Me møtast i Otrahallen på Hornnes. Det er her du finn Odd Harald Robstad når han ikkje ligg heime under dyna, tett opptil ryggtavla åt kjærasten Ragnhild, og kvilar lekamen etter ei hard treningsøkt på idrottsbanen – eller ettter målgang på eit krevjande terrengløp på Engesland. Det er her, i den topp moderne idrottshallen, Odd Harald he lagt ned tusenvis av dugnadstimar dei siste 30–40 åra. Ikkje alleine, men i hop med gode idrottsvener og gode dugnadsfolk frå heile bygda.
– Ja eg trur beint fram at eg berre he gode vener. Einaste unnataket må vere dersom du nemner namnet mitt blant inngrodde og nedstøva byråkratar på fylkeshuset i Arendal. Der he eg inga høg stjerne. Sjølv er eg ingen byråkrat. Eg likar at noko skjer – og då er det stundom naudsynt å take nokre snarvegar. På utsida av kommunehuset. På utsida av fylkeshuset.
Slik var det og då Odd Harald Robstad, og ein gjeng med framsynte sambygdingar, på slutten av 70-talet, tok til å drøyme om ein idrottshall i bygda. Den kommunale sakshandsaminga forsvann raskt i tåkeheimen, planane hamna i ei pappeske på teknisk kontor – og slikt vert det lite framdrift av. Robstad fann snarvegen. Med seg på laget fekk han både idrottslaget, skyttarlaget, grannelaget og Glad-dansen. Dei starta eit eige lutlag. Dei tende ein gnist i lokalmiljøet. Dei fekk bygd den storstova dei alle drøymde om. Slik tok det til og spire og gro i idrottsmiljøet i bygda. Byrjinga på ei ny tid – byrjinga på ein ny ungdomskultur. Stein på stein.

I dag er Otra IL eit av dei største idrottslaga på heile Agder, med heile 1415 ihuga medlemmer. Ein moderne idrottshall, nye hoppbakkar, kunstgrasbane, treningssenter, friidrottsbane med varmekablar i banedekket – flottaste skianlegget på Sørlandet og ei dugnadsånd som heile bygda kan vere meir enn stolt av. Odd Harald Robstad, alderstrygda skulemeister og framleis aktiv idrottsmann, skal så visst ikkje ha æra for alt dette. Namnelista med trugne støttespelarar er nærast uendeleg. Ein ting må ein likevel nemne i denne samanhengen. På veggen, på utsida av Otrahallen, heng eit skilt med fylgjande ordlyd: Odd Haralds Plass. Få ord – men bodskapen kan ikkje feiltolkast. Få ord som seier det meste om verdien av eit langt liv i teneste for ungdomen. I teneste for folkehelsa.
Odd Harald serverer heimelaga eplesaft. Han er sveitt i panna. Den gule treningstrøya heng som eit slips kring den turre velbrukte lekamen. Det er ein snau klokketime sidan han braut målstreken på grasvollen bak sentralskulen på Engesland. Eit nytt løp i Terrengkarusellen er unnagjort. Pokalen er sikra. Resultatlista talar sitt klåre språk. På mange måtar er dette Odd Harald sit eige løp. Med hjelp av gode vener i både Bygland og Vegusdal starta han opp den etter kvart så populære Terrengkarusellen heilt attende i 1972. Ei tevling som framleis er høgst levande. Ei tevling som kvar tysdag i vårsesongen samlar meir enn 100 barn, unge – og einskilde 70-åringer på startstreken. Endå eit døme på at det gror i fotefara åt heidersmannen Odd Harald Robstad.
– Det er i grunnen berre ein ting me manglar her i bygda no, seier optimisten på hi sida av kaffebordet. Han vert tankefull. Den gule treningstrøya er sponsa av det lokale næringslivet. Den alderstrygda skulemeisteren ser ut som ein levande reklameplakat. Me manglar beint fram ein innandørs skeisebane, seier Odd Harald. Ikkje høglytt. Mest i det stille. Orda vert hengjande i lufta.
Han ser framleis føre seg eit langt og aktivt liv med startnummer på den vesle, skrinne brystkassa. Odd Harald ser få problem – samstundes som han ser mange utfordringer. Eldstesonen, Olav, er dyrlækjar medan yngstesonen Bjørn er kirurg. Båe to, dugande handverkarar, kan bruke både sag og kniv. Det skal difor ikkje verte noko problem om einskilde slitedelar, i nedre del av lekamen, må bytast ut etter kvart. Hjå dei aller næraste pårørande bør det i så fall vere rikeleg tilgang på høvelege reservedelar og ikkje minst tilgang på ein sakkundig reperatør.
– Ikkje eit problem, berre ei utfordring smiler Odd Harald. Kvifor eg drøymer om ein innandørs skeisebane. Jau det skal eg forklåre deg, min gode ven. Per Ivar Moe var topp trent, topp motivert og han var nybakt verdsmeister på skeiser. Eg slo han dugeleg i eit terrengløp. Mi største oppleving på idrottsbanen. Sidan den gong he eg drøymd om ein innandørs skeisebane på Hornnes. Blant røsslyng, kveke og utvakse furuskog – nedst i Dåsvannsdalen. Ikkje så voldsomt langt frå Odd Haralds Plass, om du veit kor det er.

Stykket har tidlegare stått på trykk i Fædrelandsvennen, og er også med i Øystein Moi si bok Moi møter mennesker som kom ut hausten 2024. Boka er diverre utseld.