Om Setesdalssida

Setesdalssida.no er ein nettstad drive av meg, Geir Daasvatn, med mål om å presentere heimplassen min og Setesdal på verdsveven på min eigen måte og så godt eg kan.

Dei tekniske og visuelle løysingane – webdesignet – står min gode ven Inge Fredriksen for. Det er altså glimt av Setesdal sett med mine augo, presentert på ein fengande måte av Inge, me vil prøve å få til.

«Framsnakke» Setesdal

Eg ønsker sterkt å «framsnakke» Setesdal etter mi beste evne. Eg er glad i heimplassen min i Evje & Hornnes, og i Setesdal. Eg vil gjerne bidra til

  • at me som bur her skal bli endå stoltare av heimplassen vår,
  • at endå fleire og aller helst ungdomar – skal få augene opp for det gode livet i dalen,
  • og at endå fleire finn ut at det kan vere ein veldig spennande stad å besøke.
Rygnestadtunet i haustfargar. Foto.

Innhald

Me vil starte forsiktig, og utvide med meir innhald etter kvart som me ser korleis det går. Men aktuelt stoff er slikt som:

  • Turtips/turløyper
  • Attraksjonar i dalen
  • Presentasjon av nokre folk/verksemder/stader
  • «Litt av kvart» (omtale av arrangement, bilde, kåseri/meiningsytringar, spesielle hendingar, merkedagar, osv.)

Setesdalssida er ikkje ei nettavis, med dagleg dekning av alt som skjer i Setesdal. Me har vår eiga lokalavis, «Setesdølen», som skriv om det som hender frå dag til dag på ein god måte. 

Litt om meg

Eg, Geir Daasvatn, er fødd i 1961. Eg er utdanna jurist. Men for 15-16 år sidan blei eg sjuk med uforklart kronisk utmatting. Nokre år seinare var eg også gjennom ein alvorleg kreftsjukdom.

Eg måtte slutte i arbeidet mitt, og blei etter nokre år uføretrygda. Eg har vore sterkt involvert i frivillig arbeid i heile det vaksne livet mitt, særleg innan fotballen i Otra IL.

I dag har eg trappa ned dette engasjementet ganske mykje på grunn av utfordringar med helsa. I staden håpar eg å kunne bruke ein del av tida mi til å presentere Setesdal på ein fin måte her på Setesdalssida.no.