Torgeir Frafjord Helle set inn 1-1 forbi ein utrusande Våg-keeper. Foto
Torgeir Frafjord Helle set inn 1-1 forbi ein utrusande Våg-keeper. Foto: Geir Daasvatn

Otra-tap på heimebane trass god innsats

I ein ganske jamnspelt kamp vann Våg 3 5-2 over Otra på EHbanen på Evje måndag kveld.

Bortelaget Våg frå Kristiansand «sjokkopna» og skorte alt etter tre minutt av kampen. Men Otra-gutane blei ikkje sjokkskadde. Heimelaget hang godt med i resten av første omgang. Andreas Bjørndal Gjelsvik var nærast utlikning, med eit hardt skot i tverrstonga.

I andre omgang opna Otra best. Alt i det 46. minutt kom «kraftpakka» Torgeir Andreas Frafjord Helle sprintande aleine mot keeper. Han fekk ei tå på ballen rett framføre den ellers knallgode Våg-målmannen, og ballen styrte seg inn i det tomme buret.

Reste av omgangen var det Våg som hadde taket på. Bortelaget var ikkje så veldig overlegne. Men dei hadde litt meir plan over spelet, spesielt i oppbygginga av angrepa bakfrå. Otra-spelarane jobba godt og hadde stor innsatsvilje, og mange gjorde gode aksjonar og forsøk på eigahand. Men laget tyktes å vere utan ein veldig tydeleg speleplan.

Stykket held fram under biletet

Nils Olav Kjetså Røed i kamp med ein Våg-spelar. Foto: Geir Daasvatn

Våg skorte fire mål jamt utover i omgangen, i det 55., 68., 77. og 85. minutt og leia dermed 5-1. Mot slutten reduserte Nils Olav Kjetså Røed med ei knallfin, kontant heading i næraste hjørne. Sluttresultat: 2-5.

Fullt med på notane!

Alt-i-alt må me seie at Våg 3 vann ein heilt fortent siger. Fotballkjennaren og ground-hopparen Knut Aasland slo fast det på sidelina. Men Otra hang ikkje langt etter. Innsatsviljen var upåklageleg. Når den fine blandinga av unggutar og litt vaksnare veteranar får trent noko meir saman, og blir litt meir samspelte, kan dette bli ein veldig fin fotballsesong for gutane i 6. divisjon avdeling 2. Dei har vunne to av dei fire kampane som er spelt så langt, og har fått ein grei start på sesongen. Me gledar oss til å sjå meir!

På laget denne gong: Markus Surdal, Andreas Bakke, Inge Odderstøl, Gunnar Nordbø Kvaale, Petter Imeland, Andreas Bjørndal Gjelsvik, Sondre Kile Lie, Torgeir Andreas Frafjord Helle, Nils Olav Kjetså Røed, Brage Aasland, Tor Forgard Davis, Hamid Reza Azimi, Ayul Diyo Boye, Markus Ose Finsådal, Jonas Bakke

Trenarar for laget: Eirik Odde, Pontus Lexberg og Morten Aasland

Kampfakta

Gutane klare for kamp på EHbanen 5. mai. Foto: Geir Daasvatn
Del "Otra-tap på heimebane trass god innsats"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.