Scott Kjetså (t.v.), Trygve Jokelid og Geir Magne Feed er dei tre som har ansvaret for løypekøyringa i dag. Foto: Geir Daasvatn

Otra Tur og Løypeservice med 20-årsjubileum!

Otra Tur og Løypeservice driv det svære løypenettet på Høgås i Evje på vegne av Otra IL. Dei involverte feira 20-årsjubileet med mimrekveld og blautkake på Otrahuset tysdag kveld.

Det var ikkje tilfeldig at 12. november var vald til feiringa. Det var nøyaktig 20 år etter skipingsdatoen 12. november 2004. Til stades var nåverande styremedlemer og dagleg leiar Geir Magne Feed, tidlegare styreleiarar, tidlegare og noverande løypekøyrarar, Finn Bjørn Rørvik som var med i det første styret, Magnus Thomassen og Erlend Falkgjerdet frå Midt-Agder Friluftsråd og banksjef Knut Kjetil Møen i Evje og Hornnes Sparebank.

Triveleg feiring!

Dagens styreleiar Torleiv Birkeland ønska alle hjarteleg velkomen. Det blei vist ein flott film av Høgås-området i den vakraste vinterskrud. Dugnadslegenden Geir Magne Feed har vore dagleg leiar gjennom alle dei 20 åra. Han fortalde med stor innleving om korleis drifta hadde vore desse åra. Det var i all hovudsak gjennom ein enorm dugnadsinnsats frå alle involverte. Det kom fram herlege historier om episodar og hendingar løypekøyrarane hadde opplevd. Alt frå illsinte tiurer til løypemaskiner gjennom isen. Geir Magne fortalde også om dei mektige naturopplevingane dei kunne ha under dei lange køyreturane.

Finn Bjørn Rørvik var Otra IL sin styreleiar i ein 10-årsperiode på 2000-talet. Han hadde opphaveleg ideen til å opprette ein eigen organisasjon til å ta seg av løypearbeidet. Det var naudsynt av økonomiske grunnar og for å spreie risikoen i idrettslaget. Han berømma alle involverte for den store jobben som var utført så langt.

Magnus Thomassen frå Friluftsrådet gratulerte med 20-årsjubileet. Han var mektig imponert over arbeidet i Otra IL. Spesielt imponert var han over jobben med skiløypene på Høgås. Han var tydeleg på at Høgås skil seg ut på Sørlandet.

Spisekroken sponsa ei nydeleg blautkake med marsipanlok og fin dekor. Tip Top kom med knakande god pizza. Stemninga steig endå nokre hakk då banksjef Knut Kjetil Møen i Evje og Hornnes Sparebank drog eit ess ut av ermet: Ein gåvesjekk på 30.000 kr til arbeidet med løypene! Det kan du lese meir om her: 30.000 kr til Otra Ski.

Stykket held fram under biletet

Styreleiar Torleiv Birkeland (t.v.) og dagleg leiar Geir Magne Feed (t.h.) sette stor pris på den rause jubileumsgåva frå banken ved Knut Ketil Møen. Foto: Geir Daasvatn

Litt om løypene på Høgås

Otra IL og Otra Ski eig Otra Tur og Løypeservice saman. Føremålet er å opparbeide og drifte tur- og skiløypenett i Evje og Hornnes. Løypene på Høgås, på veg mot Gautestad i Evje, er mest omfattande. Men løypegjengen køyrer også opp skiløype i lysløypa på Evje når snøforholda gjer det mogeleg. Dessutan er det noko løypekøyring i det gamle skianlegget i Flatebygd. Den bakanforliggande tanken er å legge til rette for å drive idrett og friluftsliv.

130 km løyper

Ved oppstarten i 2004 var det eit turløypenett på 50–70 km og to konkurranseanlegg (Høgås og Flatebygd). I dag er løypenettet utvida til rundt 130 km. I Høgås skianlegg, hovudanlegget, er det trenings- og konkurranseløyper frå 0,3–15 km, lysløype på 7,5 km og to godkjende kjelkepiggeløyper på 8,1 og 6 km. Her er eit flott skistadion, skihytte med toalett, garasjeanlegg, parkeringsplass for 300–400 bilar, anlegg for snøproduksjon , skytebane for skiskyting og skileikområde. 2,5 km frå stadion ligg ein fin lavvo. Ei forsiktig verdsetting av anlegget er 16 millionar kr. Ein svært stor del av dette er finansiert ved spelemidlar og eigeninnsats (dugnad). I tillegg kjem tre løypemaskiner med ein stipulert verdi på over 5 millionar.

Stykket held fram under biletet

Draumedag på Høgås, 2. februar 2018. Foto: Geir Daasvatn

Nesten alt er dugnad

Eit gjennomsnittleg år er utgiftene rundt 600.000 kr. Lønskostnadene er praktisk talt null. Heilt nøyaktig 408.000 kr på 20 år. Eit gjennomsnittsår inneheld rundt 1.000 timar arbeid. Timeløna til dei involverte gjennom 20 år har såleis vore rundt 20 kr. Dei siste åra har det vore køyrt løyper 500–600 timar kvart år. I tillegg kjem opparbeiding og vedlikehald av løyper og bruer, reparering av utstyr, skilting av løypene, osv. Det skal vere 90 kryss og 31 bruer i Høgås skianlegg. Alt må vere godt merka så ski- og turgåarane ikkje går seg vill. Så godt som alt dette arbeidet blir altså utført som dugnad.

Finansieringa er via tilskot frå hytteeigarane på Høgås, Gautestad og Førevatn, sponsorar som er medlem i Høgås Løypelag (verksemder), private givarar, Høgås Løypefond, grasrotmidlar frå Otra IL og årlege tilskot frå Evje og Hornnes kommune og Evje og Hornnes Sparebank.

15.000–20.000 brukarar kvart år

Dei som brukar anlegget er skigruppa i Otra IL, hyttefolka på Førevatn i Froland og Høgås og Gautestad i Evje, Evje og Hornnes kommune (skulane m.v.), Evjetun leirskule, idrettsklubbane Vindbjart og Oddersjå og tusenvis på tusenvis av ski- og turglade menneske frå heile Sørlandet elles. Ca. 15.000–20.000 menneske er normalt innom løypene kvart år.

Ei solskinshistorie med ein liten bismak

«Løypegeneral» Geir Magne Feed i løypemaskinen, 2020. Foto: Geir Daasvatn

Skiløypene på Høgås er eventyrlege, til og med i nasjonal samanheng. Løypene blir også brukt av mange om sommaren. Det som er utvikla her oppe frå den spede starten først på 2000-talet til i dag er ei verkeleg stor bragd av dei som har vore med, og med Otra IL som den solide eigaren i bakhand. Det utfordrane er at suksesshistoria er tufta på ein eineståande innsats frå nokre få enkeltmenneske. Mange har gjort ein stor og viktig innsats på ulike vis. Men utan forkleining for nokon, er den innsatsen dagleg leiar Geir Magne Feed har gjort uvurderleg for resultatet.

Men eit svært skianlegg, eitt av dei finaste og beste, tufta på arbeidet til nokre få personar, og for ein stor del sjølvfinansiert, er sårbart. På eit tidspunkt må nye krefter kome til, og ei meir berekraftig økonomisk finansiering kome på plass. Styret i Otra Tur og Løypeservice arbeider difor målretta med å utvikle både organisasjonen og økonomien i meir berekraftig retning på lang sikt. Eg er temmeleg viss på arbeidet vil lykkast, og at det fantastiske løypenettet me har på Høgås og i området vil bestå også i årtidene framover.

Eg vil avslutte denne vesle historia med Geir Magne sine ord frå jubileumsfeiringa:

Takk til alle saman for 20 hendelsesrike og arbeidssame år. Det viktigaste for meg er at alle har det greit og trivst på ski!

Gratulerer Otra Tur og Løypeservice med 20-årsjubileet, og takk til dykk alle for eineståande innsats for fellesskapet!

Del "Otra Tur og Løypeservice med 20-årsjubileum!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.