Hagefoss i Otra forbi Røysland og Lunden i Valle. Foto: Geir Daasvatn

På topp på Setesdalssida på Facebook i desember

Videoen me delte med skeiselauparen på Riksveg 9, David Manger på Flateland i Valle, er det mest viste innlegget i Facebookgruppa vår i desember.

Innlegget er vist på skjermen hos nokon 8.831 gonger. Merk at det talet gjeld sjølve innlegget på Setesdalssida. Truleg er videoen vist mange gonger dette i sosiale media totalt.

Videoen blei spreidd vidt omkring via mange delingar. Også NRK Sørlandet og Fædrelandsvennen laga reportasjar om den skeiseglade nederlendaren.

Her er lista med dei mest viste innlegga i desember:

  • Delt video med David Menger på skøyter på Rv-9, 8.831
  • Bilete av Bjåen Turisthytte (Kvæven), 7.783
  • God kveld-bilete frå Harstad i Valle. 5.519
  • Delt video med den crazy badegjengen i Bygland, 5.084
  • Bilete av Otra ved Lunden/Røysland i Valle, 5035
  • Bilete av den gamle Kyrvestad Turistheim, 5.007

Takk!

Takk til alle dykk som bidreg med bilete, videoar, fortellingar, lenker til aktuelle saker og på andre vis. Det er med på å gjere Setesdalssida på Facebook høgst levande 💝

Del "På topp på Setesdalssida på Facebook i desember"