Det ærverdige setesdalshuset på Skore, høgt oppe i lia på andre sida av fjorden for Reiårsfossen, blir sett i stand igjen.
I tillegg kjem eit tilbygg med kjøkken og andre naudsynte funksjonar på baksida.
Det har ikkje vore fast busetnad på Skore på fleire ti-år. Dei siste som dreiv garden var to jenter som blei kalla «Skorsjentene», Gro Gunnarsdotter Skore (f. 1880, d. 1966) og Gyro Gunnarsdotter Skore (f. 1889, d. 1978).
Olav Øygarden på Lidtveit i Åraksbø overtok garden på 1990-talet. Med god hjelp frå mange dyktige fagfolk har han gjennom åra fått utført mange oppgraderingar av den svære bygningsmassen på garden. Skore er eit unikt og verdfullt kulturminne. Her finn me framleis dei fleste bygga som var på ein typisk setesdalsgard i «gamle dagar».
Les også: Skore i Bygland
Restraurering av stogehuset og nytt tilbygg
Nå står altså stogehuset for tur. Arbeidet kom godt i gang alt i fjor sommar.
Mange einskildpersonar, firma og offentlege myndighetar er involverte i arbeidet. Sist veke var det byggemøte på staden for å koordinere det omfattande arbeidet som er planlagt i vår og sommar. Tanken er å behalde mest mogeleg av det gamle bygget, som har sin eigen kararkteristiske setesdalsstil. Samstundes må ein sikre ein god overgang mellom det gamle bygget og det nye tilbygget.
Detaljane i arbeidet skal eg ikkje gå nærare inn på. Kunnskapen min på feltet er så godt som på nullpunktet. Men det var både interessant og ikkje minst imponerande å få gå litt rundt mellom alle fagfolka og høyre dei diskutere korleis dei best kunne samarbeide og finne dei mest praktiske løysingane. Alt mens alle bygningstekniske krav til eit slikt restaureringsprosjekt sjølvsagt skal oppfyllast. Ja, eg som ukyndig utanforståande oppfatta at her var det samla eit lag av så dyktige handverkarar at dei på «fotballspråket» mitt må seiast å vere bygningsbransjens Barcelona eller i 2026 like gjerne Bayern München!
Stykket held fram under biletet

Bygningsbransjens Bayern München
Tore Gill starta arbeidet sitt alt 7. april. Tore skal mure opp den attståande delen av grunnmuren og renovere grue/peis inne i den eine stoga. Om eg har rett i at desse fagfolka er ekspertar på kvar sine område, så er vel Tore murarbransjens Harry Kane i 2026-form!
Evje Bygg startar arbeid sitt med å sette opp tilbygget komande veke.
Byggmeisterane Magnus Liene og Øyvind Mauren har ansvaret for arbeidet på det gamle bygget. Dei tek til med det arbeidet de to siste vekene i mai. Fyrste prioritet er då reparasjon av kledning på «sørveggen» og etablering av bjelkelag i fyrste etasje.
ERV Teknikk på Evje ved Morten Øvland skal utføre røyrleggjararbeidet. Odd Inge Øygarden skal vere elektrikar. Kyrkjesongaren og brøytebilsjåføren Gunnar Gautland seier han er ferdig med snøbrøytinga for godt og vil i staden vere maskinentreprenør på Skore i sommar.
Eivind Dalseg i Agder fylkeskommune er rådgjevar og har det faglege overoppsynet med at dei bygningsmessige arbeida blir utførte etter forskriftene.
Torstein trekk i trådane
Alle vellukka prosjekt har ein «koordinator». På Skore er det bror til Olav, Torstein Øygarden, som har teke på seg oppgåva. Under byggemøtet 7. april hadde han med kona Marianne Eikrem Øygarden som støttespelar og ansvarleg for serveringstilbodet. Eit lykkeleg val! Smørbrøda forsvann frå fata fortare enn morgonsola kunne fordrive doggen frå graset.
Stykket held fram under biletet

Eg er blitt noko kjend med Olav Øygarden gjennom arbeidet me og fleire andre årakar gjorde med boka om kulturminna langs Hovassåna. Det er greitt for han – og dei andre lyt eg tru – at eg går og kikar meg litt rundt med fotoapparatet medan arbeidet skrid framover.
Eg gledar meg til å følge framdrifta og ikkje minst treffe alle dei gilde folka som skal vere på Skore framover våren og sommaren.