Det er så mykje å undre seg over attmed vegen. «Kvifor stoppa ikkje han? Såg han ikkje fjorden?!» Foto: Geir Daasvatn

Revy i Bygland: Siktar mot stjernene!

Til helga er det klart for årets revy i Bygland, under tittelen Halvvegs til Hovden.

Eg var ein kjapp tur innom prøvene på Bygland Kulturscene laurdag, for å lodde stemninga i Bygland Dramatiske Selskab før det brakar laus om nokre få dagar. Den korte konklusjonen må vere – noko stort er i vente!

Under framsyninga kjem 21 revynummer i rask rekkefylgje, bare med ein liten matpause midtvegs. Det er nokre monologar, av og til litt større grupper, til og med ein bil er innom og til slutt alle 10 skodespelarane på scenen samstundes. Det er eit verkeleg variert program!

Kommunedirektørane får sitt. Å vere ny i Bygland er ikkje så lett. Kva kan ein prate med dei «innfødte» om? I alle høve IKKJE vindmøller på heia! Den planlagte stavkyrkja i Hylestad og åsatrua får me eit innblikk i. Ho må få trepluggar frå Landeeika, så ho blir så autentisk som mogeleg. Til helvete med spiker! Det er kompekamp på Brygga, og Hovdentrafikanten får sagt sitt til bygdefolket. Bygdedyret er glitrande illustrert, men under ligg det eit alvor. Å kome gjennom på naudtelefonen når Solveig Eiken er telefondame er ikkje så enkelt. Krypsivet har mykje å stri med.

Ein må prøve å halde humøret oppe sjølv om ein er krypsiv. Revy på sitt beste. Foto: Geir Daasvatn

Du må oppleve det sjølv!

Alt i revyen kan eg sjølvsagt ikkje gå inn på. Det meste lyt du løyse billett og gå og sjå og oppleve sjølv. Billettar kan du få tak i på Matkroken – Haugå Landhandel på Bygland, hos Vigdis Beisland på COOP Marked på Ose og på Databutikken på Evje.

Ei slik investering vil du garantert ikkje angre. Såpass vågar eg å skrive. Her er dyktige og erfarne revyskodespelarar, kombinert med nyare krefter som med friskt mot vågar seg ut på scenen. Mimikken og komikken i fleire av innslaga er fenomenal. Det er sjølvsagt nokre sleivspark hit og dit. Men alt er med måte, og i kjærleik til bygda og livet på landet. Ja, det er beint fram både skjemting og litt alvor i ei nydeleg foreining.

Regissør Olav Grendstad instruerer skodespelarane sine i ei etter måten mild tone. Foto: Geir Daasvatn

Den erfarne revymannen Olav Grendstad har kontroll på regien, og gledar seg voldsomt til det brakar laus med generalprøve torsdag 16. november, og framsyningar fredag 17. og laurdag 18. november.

Det kjem liksom ny dynamikk inn i gruppa, når det dukkar opp nye folk som vil vere med. Saman med mykje rutine frå før, blir det eit veldig bra lagarbeid. Det set også ein ekstra spiss på revyen at eit eige husorkester stør opp under innslaga med fin musikk, smiler Olav.

Olav Grendstad

Marit er unik!

Olav og resten av gjengen er veldig takksame for at Marit Vegusdal tek seg av alt det praktiske rundt revyen. Marit skriv program, organiserer billettsalet, held kontroll på økonomien, trykker opp plakatar og fikser alt mogeleg anna som må vere på plass. Då kan skodespelarane – og regissøren – konsentrere seg om alt som må klaffe på scenen. «Marit er unik», meiner dei.

Lydproffen Kjetil Jore kjem frå Valle og styrer den viktige delen. Stine Mari Male og Eivind Dalseg har ansvar for rekvisittane. Tom Håkon Andersen er kapellmeister i husorkesteret. Han har med seg musikarane Tor Ånon Kleivane og Finn Håkon Borgi. Topp kvalitet i alle ledd, tykkjest å vere parolen.

Det er nye prøver til veka, før generalprøven torsdag og dei to store kveldane fredag og laurdag. Då vil nivået sjølvsagt vere endå høgare enn det eg var så heldig å få oppleve av smakebitar laurdag. Eg trur både byglendingar og andre som tek turen på revy til helga vil få ei stor oppleving.

Break a leg!

Er det ikkje noko med at me ikkje skal ynskje skodespelarar lykke til? «Break a leg!»

Alli, alli slik! Foto: Geir Daasvatn
Del "Revy i Bygland: Siktar mot stjernene!"